Tåke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Strålingståke om hausten. (Foto: Kjetil Lenes)
Nøstetorget i Bergen i tåke.

Tåke, skodde eller skodd er ei sky som er i kontakt med bakken. Den einaste skilnaden mellom skyer og tåke er at tåka er i kontakt med jordoverflata. Ei sky som ikkje er tåke i lågland, kan vere tåke i høgare nivå visst skya er i kontakt med fjell. For å kallast tåke må sikten vera under 1000m.

Den staden med mest tåke i verda er Grand Banks utanfor øya Newfoundland, Canada. Det oppstår ofte tåke her fordi den kalde havstraumen Labradorstraumen frå nord her møter den mykje varmare Golfstraumen frå sør.

Her i Noreg varierer det frå landsdel til landsdel kva tid på året det kjem mest tåke. Kysten av Barentshavet, Norskehavet og sørover til Jæren er mest utsett for tåke om sommaren, medan Sørlandskysten er mest utsett om våren. Om våren strøymer kaldt vatn frå Austersjøen ut Skagerrak, samstundes som mild luft strøymer nordover frå kontinentet. Lufta vert då avkjølt i Skagerrak og bles tåke innover kysten av Sørlandet. Innlandet og enkelte kyststrøk med mykje strålingståke er Oslo-området eller Kirkenes. Austlandet får som regel mest tåke om vinteren, og er særleg utsett i periodar med sørleg, mildt luft som kjem inn over eit snødekt landskap.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste typar tåke oppstår når relativ fukt når 100 % på bakkenivå. Tåke kan dannast brått, og løysast opp like brått, avhengig av på kva side av doggpunktet temperaturen er.

Tåke reduserer sikta - Dei to bileta viser skilnaden mellom ein klår dag og ein dag med tåke

Eit viktig unntak til denne generelle regelen er havtåke. Dette kjem av effekten salt har på tåke. Alle skyer krev eit minimum av hygroskopiske partiklar som vassdamp kan kondensere på. Over havoverflata er dei vanlegaste partiklane salt som kjem av brytande bølgjer. Utanom i område med mykje kraftig vind, er kysten det vanlegaste området med brytande bølgjer, og derfor har kystområda stor tettleik av saltpartiklar i lufta. Det har vore observert kondensasjon på saltpartiklar ved så låg fukt som 70 %, så tåke kan oppstå sjølv i relativt tørr luft. Vanlegvis fører slik tåke i luft med lågare fukt til ein gjennomsiktig dis, fordi kondensasjonen konkurrerer med fordampinga.

Tåke kan produsere nedbør i form av yr. Yr oppstår når fukta i tåka når 100 %, og dei ørsmå skydropane koaliserer til større dropar. Dette kan skje når tåka blir løfta og tilstrekkeleg avkjølt, eller visst den blir pressa saman ovanfrå. Yr kan bli underkjølt visst temperaturen fell under frysepunktet. I så fall kan tåka fryse direkte til is om den kjem i kontakt med ei flate. Dette er kjend som frosttåke.

Tåka reduserer sikt. Dei fleste sjøfartøy kan utan problem køyre i tåke visst dei har radar, men for vegtrafikk er det verre, og køyretøya må køyre saktare. Lokal tåke kan vere farleg, sidan den kan overraske sjåførar. Flyplassar kan få store problem med forseinkingar ved tåke, og ein har prøvd å utvikle metodar for å løyse opp tåke (t.d. oppvarming eller å drysse saltpartiklar ned i tåka). Metodane virker til ein viss grad med frosttåke. Då vil iskrystallane i tåka fryse på saltpartiklane og falle ned som snø.

Forskjellige typar tåke[endre | endre wikiteksten]

Tåke kan oppstå på fleire forskjellige måtar, alt etter korleis avkjølinga fører til kondensasjon.

Strålingståke[endre | endre wikiteksten]

Strålingståke oppstår når jordoverflata blir avkjølt ved langbølgja (infraraud) utstråling etter solnedgang i stille vêr med klar himmel. Den kalde overflata fører til kondensasjon i luftlaget like over bakken ved varmekonduksjon. Ved vindstille forhold kan tåkelaget vere mindre enn ein meter tjukt, men turbulens kan gjere laget tjukkare. Strålingståke er vanleg over flatland og i dalbotnar om hausten, og varer vanlegvis ikkje lenge etter soloppgang (lokal morgontåke). Her til lands oppstår tåka typisk i indre strøk om hausten.

Strålingståke i Aust-Friesland i Tyskland.

Adveksjonståke[endre | endre wikiteksten]

Adveksjonståke oppstår når fuktig luft strøymer over ei kald overflate ved adveksjon (vind) og blir nedkjølt. Det er vanleg når ein varmfront passerer over eit område dekt av snø, når varm luft strøymer over kaldt hav på høgare breiddegrader, eller over havområde med oppvelling.

Dette er den hyppigaste tåkeforma langs norskekysten.[1] Sidan temperaturendringa i havet skjer mykje tregare enn i lufta, vil tåka oppstå oftast om våren eller tidleg på sommaren. Milde sørlege luftstraumar fører då til tåke i Nordsjøen og Skagerrak, eller om sommaren i Barentshavet og Aust-Finnmark ved nordleg og austleg vind. Adveksjonståka kan så flytte seg inn mot kysten på fleire måtar. Ein kaldfront kan presse det marine luftlaget mot kysten, noko som vanlegvis skjer om våren eller seint på hausten. På varme dagar med tåke i havet kan solgangsbrisen føre til at tåke om ettermiddagen og kvelden bles inn over land.

Fordampingståke[endre | endre wikiteksten]

Fordampingståke er den mest lokale forma for tåke og oppstår når kald luft strøymer over eit mykje varmare vatn eller fuktig overflate. Vassdamp fordampar raskt inn i atmosfæren, og kondenserer visst temperaturen er under doggpunktet. Det blir då danna ei tynn tåke. Fordampingståke er mest vanleg i polare strøk og rundt store innsjøar seint på hausten og tidleg om vinteren medan innsjøane og havet framleis er varmt. Tåka blir ofte til frosttåke som då medfører rim.

Fronttåke[endre | endre wikiteksten]

Nedbørståke eller fronttåke oppstår når nedbør fell inn i eit tørrare luftlag under skya, og vassdropane fordampar til vassdamp. Vassdampen blir avkjølt til under doggpunktet og kondenserer til tåke.

Orografisk tåke[endre | endre wikiteksten]

Orografisk tåke ved Lushan-fjellet i Jiangxi-provinsen i Kina.

Orografisk tåke blir danna når luft bles opp ein skråning (kalla orografisk heving) og blir adiabatisk avkjølt medan ho stig. Dette får lufta til å kondensere. På fjelltoppar der skyene ikkje er låge nok til å lage tåke, fører denne stiginga ofte likevel til frosttåke.

Daltåke[endre | endre wikiteksten]

Daltåke oppstår i fjelldalar, ofte om vinteren. Den kjem som eit resultat av at tung, kald luft søkk ned i dalbotn og dannar ein temperaturinversjon der varmare luft passerer over fjella ovanfor. Dette er altså eigentleg strålingståke som er styrt av lokal topografi. I rolege vêrsituasjonar kan den vare i fleire dagar.

Daltåke i Sveits.

Iståke[endre | endre wikiteksten]

Iståke er ei form for tåke der dropane har frose til ekstremt små iskrystallar. Vanlegvis må ein ha temperaturar under -35 °C for at dette skal skje, og tåka er derfor mest vanleg i arktiske og antarktiske strøk, og då gjerne i urbane område. Vassdamp som finst i eksos frå køyretøy eller røyk frå oppvarming og kraftstasjonar frys til is, og denne urbane iståka kan bli svært tett og vare ved dag og natt til temperaturen stig. Iståke kan føre til eit spesielt halofenomen, som ein kallar lyssøyler.

Frosttåke[endre | endre wikiteksten]

Frosttåke oppstår når vassdropar frys på overflater og dannar kvit rimis. Dette er vanleg på fjelltoppar som er eksponert for låge skyer. Dette er same prinsipp som underkjølt regn.

Kunstig tåke[endre | endre wikiteksten]

Kunstig tåke blir danna ved å fordampe vatn og glykol- eller glyserol-baserte væsker. Væska blir sprøyta inn i ein oppvarma boks, og fordampar raskt. Trykket som oppstår pressar dampen ut ein opning. Når dampen kjem i kontakt med den kjøligare lufta utanfor, fordampar den til tåke - sjå røykmaskin.

Oppløysning av tåke[endre | endre wikiteksten]

Det har vore eksperimenter med å løyse opp tåke for å betre sikta på flyplassar, i hoppbakkar og liknande. Ein har oppnådd ein avgrensa effekt med å varme opp tåkelufta med ei rekkje brennarar, særleg i FIDO-systemet utvikla i Storbritannia under den andre verdskrigen. Denne metoden kan i gunstige tilfelle ha ein viss verknad lokalt på strålingståke, men vert ikkje rekna som egna for adveksjonståke, som er den typiske tåketypen til dømes i Holmenkollbakken.

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tåke

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kåre Utaaker (1991) Mikro- og lokalmeteorologi: Det atmosfæriske miljø på liten skala – Alma Mater, Bergen. ISBN 82-419-0063-5.