Smultring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Koking av smultringar.
Dekorerte smultringar.

Smultring er eit ring-, krans- eller torusforma bakverk som blir frityrsteikt i smult eller matolje. I Noreg er det tradisjon å baka smultringar til jul som eit av dei sju slaga.

Tillaging[endre | endre wikiteksten]

Deigen består hovudsakleg av sukker, egg, kulturmjølk eller fløytemjølk og fint kveitemjøl, og er gjerne smaksett med kardemomme, kanel eller rive sitron- eller appelsinskal.

Ein variant av smultringen blir kalla hjortetakk. Denne er ofte litt fastare i deigen. Sjølv om hjortetakk tradisjonelt er bakt med hjortetakksalt, medan smultring blir bakt med bakepulver, er det i dag mange oppskrifter der ein bruker hornsalt også i smultringar. Det ser ut til at den viktigaste skilnaden mellom hjortetakk og smultring er konsistensen. Hjortetakk er fastare og sprøare, medan smultring er mjukare, ettersom røra har meir væske.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I ei norsk kokebok frå 1888 står det fleire oppskrifter på hjortetakk, der den siste blir kalla «Amerikansk Hjortetak», med «Fry-Cakes» i parentes. I Sigdal blei det gjort ein interessant observasjon, der nokre utvandrarar kom tilbake frå Amerika i 1892 og sette i gang med smultringbaking. Kokebokforfattaren Henriette Schønberg Erken la ikke inn oppskrift på smultringar før i 1947. I 1929 presenterte ho eit anna liknande bakverk med namnet «donasser», som truleg kjem frå engelsk «doughnut».[1] Det er mykje som tyder på at oppskrifta kom til Noreg frå USA.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Julekakenes historie». forskning.no. 23. desember 2008. Arkivert frå originalen 16. september 2013. Henta 17. desember 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]