Jul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Juletrelys
Foto: Malene Thyssen
Julegåver.
Foto: Kelvin Kay
Julenisse og elektriske julelys i Japan.
Foto: Tomomarusan

Jul eller jol er ei høgtid feira over store delar av verda, særleg i kulturelt kristne samfunn, men òg fleire andre stader. Innan kristendommen er ho feira som ein fødselsdag for Jesus, men jula har røter og trekk frå fleire andre religionar og kulturar. Høgtida finn stad rundt vintersolkvervden nordlege halvkula og har opphav i heidenske midtvinterfestar. Ho er òg nærverande i media og utsalsstader, gjerne i god tid før julehelga i slutten av desember eller byrjinga av januar.

Typiske element i julefeiringar over heile verda er levande lys, festleg lag, familiesamlingar, mektig tradisjonsmat, gjeving av og beding om gåver og almisser, symbol som raudt og grønt, nissar, englar, stjerner og julekrybber, og ei rekke ulike tradisjonar som varierer frå land til land. I Noreg blir jula feira med julemat, levande lys og musikk; ein gjev kvarandre gåver, dei fleste pyntar med juletre, og det er vanleg å halde julebord i forkant av julekvelden og juletrefest i romjula. Særkristne element som adventslysestake, lesing av juleevangeliet og kyrkjegang julaftan er også svært vanleg i Noreg, også dei som ikkje er praktiserande kristne elles.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Jula slik ho blir feira i Noreg og elles i Norden i dag, er ei synkretistisk høgtid som hovudsakleg inkluderer trekk frå den kristne kristmessa, den romerske saturnalia-festen og den norrøne jula — i tillegg til enkelte trekk frå mellom anna den jødiske lysfesten hanukká.

Midtvinter i åsatrua[endre | endre wikiteksten]

Juleblot[endre | endre wikiteksten]

I Skandinavia har ein drukke jol i uminnelege tider. I norrøn tid samla ein seg til ein midtvintersfest som vara i om lag tre dagar. Her skulle ein blota til gudane, drikke øl og leva godt. Det er uklårt nøyaktig kva ein feira under juleblotet. Det kan ha vore eit blot for god grøde, for dei daude, eller ein sol- eller lysfest som motsvar til den mørke vinteren.

Juletida var prega av kontrasten mellom fest og uhygge. Medan ein drakk jol og koste seg, måtte ein samstundes passe seg for dei mørke kreftene som var lause. Åsgardsreia, eller berre Reia, var inntil nyare tid namnet på eit skremmande følgje av trollpakk og ugjerningsmenn som drog i kring og skremde folk og dyr. Det er uklårt om denne skikken går attende til førkristen tid eller om det er ein omforma eller nyskapt skikk i tidleg kristen tid. I kristen tid var det elles særleg lussinatta 13. desember ein skulle akte seg for slike.

Julebukk frå Uppland i Sverige.

Julebukk[endre | endre wikiteksten]

Geitebukken er eit gammalt julesymbol som ein i dag finn igjen i skikken med å julebukk og å pynta med halmbukkar. Dei ulike skikkane byggjer truleg på Torsdyrking, dels ved å slakta ein geitebukk til jul for å få eit godt nytt år, dels ved å spela ulike julespel, til dømes eit spel der einkvan utstyrt med bukkehovud og -pels og døydde og kom til liv igjen.

Vidare utvikling[endre | endre wikiteksten]

Då Noreg vart kristna, vart det lagt vekt på å halde på gamle tradisjonar. Julefeiringa heldt fram under same namnet, men med nytt innhald. Ein erstatta midtvintersblotet med feiringa av fødselen til Kvitekrist. Der ein tidlegare hadde laga øl og blota til dei norrøne gudane, vart ein no pålagd å bryggje øl og signe det i Jesus og Jomfru Maria sitt namn. Julebukken blei endra til ein skapning som truga i førjulstida og kunne dukka opp i festar.

Mange av dagens juleskikkar har utvikla seg frå den gamle jola. Mellom anna kan det å setja ut graut til nissen i vår tid ha komme frå ofringa til forfedrane i gravhaugen på garden. Skikken med å vitje familiegraver julaftan har parallellar i denne eldgamle feiringa.

Romerske midtvintersfestar[endre | endre wikiteksten]

Kristen mosaikk frå 200-talet der Jesus Kristus er framstilt som ein solgud.

Romarane feira den livlege saturnaliahøgtida, til ære for Saturn, ved å gje kvarandre gåver, og ved å eta og drikke godt og mykje. At den kristne julefeiringa vart lagd til rundt same tida som saturnaliafeiringa, hjelpte kanskje den nye religionen til å spreie seg, og har nok òg gjort sitt til å påverke innhaldet av julefeiringa, med festing og å gje gåver.

Romarar feira òg dies natalis Solis invicti, 'dagen for fødselen til den uovervinnelege solguden', ved vintersolkverv, som i den julianske kalenderen fall på 25. desember. Tidlege kristne samanlikna gjerne gjenfødinga av sola med fødselen til den lysande frelsaren Jesus.

Jødiske element[endre | endre wikiteksten]

Elektrisk lysestake med sju lys er blitt svært vanleg å pynta med i advent.

I jødedommen er det skikk å tenne eit stadig aukande tal levande lys i ein spesiell åttearma lysestake under høgtida hanukká, som alltid fell innanfor den kristne adventstida eller jula. I høgmellomalderen var det særleg mykje samkvem mellom jødar og kristne i området kring Rhinen i det sørvestlege Tyskland, og mange jødiske kulturelle trekk vart tekne opp i lokal kristendom. Dette er truleg opphavet til den firearma adventslysestaken der ein tenner eit aukande tal lys på dei fire søndagane føre juledagen.

Den sjuarma lysestaken, som ligg noko nærmare den jødiske hanukkijáen i form, har vore mykje bruka i samband med advent og jul i Tyskland — og denne lysestaken kom truleg til Skandinavia som eit kulturelt lån derifrå på 1800-talet. I dag er sjuarma elektriske lysestakar vanleg vindaugspryd i dei fleste hus i Noreg og Sverige og på Island gjennom heile desember.

Frå ei katolsk midnattsmesse i Betlehem natt til juledagen.
Foto: Darko Tepert
Julekrybbe frå Mexico. (Foto: H. Raab)

Kristmessa i kristendommen[endre | endre wikiteksten]

Kva ein feirar i samband med fødselen til Jesus, og kva tid ein feirar det, varierer mellom ulike kristne tradisjonar.

Det er usikkert kva tid fødselen blei sett i samband med midtvinteren, for det er lite i testamenta som tyder på at Jesus blei født midtvinters. I Lukasevangeliet er hyrdane ute på markene om natta og vaktar over sauane, noko som tyder på at fødselen fann stad under lemminga om våren. I dei første kristne kykjelydane feira dei ikkje Jesu fødsel; feiringa var knytt til dagen for Jesu oppstode. Dei første historiske kjeldene som nemner ei feiring av fødselen til Jesus i desember kjem frå midten av 300-talet. Ein kan ha vald datoen 25. desember fordi han ligg ni månader etter Maria bodskapsdag 25. mars, då Gud skal ha blitt kroppsleggjort som Jesus. Fleire andre hendingar er tradisjonelt knytte til denne datoen, viktigast er krossfestinga av Jesus, og det var ei vanleg oppfatting at han blei kroppsleggjort og døydde same dagen.[1] I Roma fall fødselsfesten då saman men Saturnaliafesten, ei høgtid det høvde å kombinere med julebodskapen.

Andre tidlege kristne feira hovudsakleg dei tre vise menn som kom med rike gåver til den nyleg fødde fredsfyrsten. Datoen for dette vart sett til 6. januar, som òg blei sett i samband med dåpen av Jesus tretti år seinare. Fødselsfeiringa på juledagen var mindre viktig, og fekk ein eigen liturgi først på 800-talet.

I løpet av mellomalderen blei sjølve fødselsdagen til jesusbarnet viktigare. Dei førti dagane fram til juledagen, som byrja med mortensmesse, blei ei fastetid, medan juletida i kyrkjeåret tok til med juledagen og varte i dei førti dagane fram til kyndelsmesse. Juleevangeliet fekk no ein sentral rolle. Det blei vanleg å framføra det som eit spel eller framstilla det i ei julekrybbe, skikkar som har halde seg til våre dagar. Songar som gjenfortalde historia eller prisa fødselen blei skrivne og framførde.

Opp mot vår tid er det utvikla ei rekke skikkar med symbolsk kristeleg innhald, med eller utan anna opphav, til dømes juletre, adventskalender, adventskrans og adventsstjerne.

Tradisjonen med å gå i kyrkja julaftan har halde seg ved lag også mot slutten av 1900-talet, då kristen utøving gjekk ned i Noreg. I 2005 gjekk til dømes 591 690, rundt 1/8, til gudsteneste denne dagen.[2]

Julefeiring[endre | endre wikiteksten]

Jul blir førebudd og feira over ein periode som varierer mellom ulike stader. Kva tid ein gjer kva følgjer ofte strenge tradisjonar, på same måte som mange delar av feiringa er svært tradisjonsbunden. Samstundes kjem det stadig til nye skikkar som stadig endrar julefeiringa.

Dei fleste land feirar jul rundt den 25. desember, men nokre stader er Nikolasdagen den 6. desember viktigare, andre stader legg ein vekt på feiringa av heilagetrekongardagen den 6. januar. I følgje den julianske kalenderen, som blir følgd av nokre ortodokse kyrkjer, svarar 25. desember til 7. januar i den gregorianske.

Førjulstid[endre | endre wikiteksten]

Julemarknad i Nürnberg på 1800-talet.

Førebuingane til jul tek til i god tid før sjølve feiringa. Julestrida er eit omgrep som viser til grundig husvask og tilreiing av mat, gjennom til dømes julebakst og tidlegare juleslakting, til høgtida. I moderne tid er laging eller innkjøp av julegåver og sending av julekort blitt ein arbeidskrevjande og til tider stressande del av førjulstida.

Tradisjonelt byrjar den norske førjulstida den 1. desember eller første søndagen i advent, men handelsstanden kan finna fram pynt og julevarer mange veker i førevegen.

Advent[endre | endre wikiteksten]

Advent er byrjinga på kyrkjeåret og markerer ventetida på fødselsdagen til Jesus og juledagen der ein feirar at han kom til jorda. Medan advent tek i til den fjerde sundagen før jul i vestlege kyrkjer, varer han i heile førti dagar i den ortodokse kyrkja. I kyrkjer med liturgiske fargar er lilla den vanlegaste fargen, men blått og rosa blir òg noko brukt.

I dei katolske og ortodokse kyrkjene inneber adventstida ein fasteperiode, som eit motsvar til fastetida før påske. Tida kan òg markerast med tenning av adventslys heime og i kyrkja, både med levande lys i adventskransar og elektrisk lyspynt som adventsstjerner, juletrelys og adventslysestakar. Ein utfører mange handlingar som kan medverka til å bygga opp forventing, som å ha julekalender, gradvis laga ei julekrybbe eller tenna eitt nytt adventslys kvar sundag.

Pikkujoulu[endre | endre wikiteksten]

I Finland feirar ein pikkujoulu eller lillajul laurdagen før advent tek til. Dette er ei «lita» julefeiring med eit lite juletre og enkle gåver til dei minste, som ein forsmak på julaftan.

Sinterklaas[endre | endre wikiteksten]

Sinterklaas og Zwarte Piet i Nederland.
Foto: Michell Zappa

5. og 6. desember er ei gåvehøgtid til minne om den gåvmilde biskopen Nikolas av Myra, feira særleg i Nederland og Belgia, men også i andre tysk- eller fransktalande område eller land, og dessutan nokre austeuropeiske land. I samband med denne feiringa deler ein tenkt eller utkledd Nikolas gåver, anten kvelden før eller om morgonen den 6. desember. «Biskopen» kjem til landet med båt kvart år ein gong i november til stor mediedekking. I tida fram mot nikolasdagen kan ungar finna godteri i skorne sine om dei stiller dei opp ein spesiell stad med fôr til hesten hans oppi.

Día de las Velitas[endre | endre wikiteksten]

7. desember er Día de las Velitas, 'levande lys-dagen', i Colombia til ære for den syndefrie unnfanginga til jomfru Maria. Denne kvelden tenner ein stearinlys og lanterner overalt, medan dagen etterpå er ein offentleg høgtidsdag. Lysdagen er til minne om dogmaerklæring om den syndefria unnfanginga gjort av pave Pius IX i 1854.

Lucia[endre | endre wikiteksten]

Luciadagen blir feira den 13. desember og er i dag særleg viktig i Sverige. Dagen blir markert med luciasong, barn kledde i kvitt, gjerne pynta med luciakroner eller glitter, og berande på levande lys og lussekattar. Han har røter både i den katolske dyrkinga av den heilage Lucia og i norrøn feiring av vintersolkvervet. Samstundes er han ein nokså ny tradisjon; han blei først gjenoppliva i Sverige heilt mot slutten av 1800-talet, og spreidde seg til resten av Skandinavia rundt 1950-talet.

Las Posadas[endre | endre wikiteksten]

Den meksikanske høgtida Las Posadas ('herberga') tek til den 16. desember og er til minne om Maria og Josef si leiting etter ein stad å bu i Betlehem som blir fortald i juleevangeliet. Høgtida blir markert i dagane fram til den 24. desember gjennom opptog med statuar av Josef og Maria og levande lys, der dei som går syngande ber om å få koma inn i eit visst hus. Dei blir nekta inngang i to hus, men i det tredje, der festen skal haldast, får alle koma inn. I mange nabolag gjer ein det slik at ulike hus steller til fest kvar dag for alle.

Litlejulaftan[endre | endre wikiteksten]

Dagen før julafta, 23. desember, vert i Noreg kalla litlejulaftan. Tradisjonelt vart dagen kalla torlaksmesse eller tollesmesse. Tollesmessdagen gjorde dei reint i husa, bytta sengehalm og la reint på sengene. For mange er det tradisjon å pynte juletre denne dagen og gjere dei siste førebuingane før sjølve julaftan. Dei siste åra har litlejulaftan vore den dagen i året då butikkane har hatt størst omsetting, som følgje av julehandel.

I Oaxaca i Mexico er dagen kjend som Noche de Rabanos, reddikkvelden, etter ei mengd raude og kvite reddikar som blir skorne ut i jule- eller andre motiv til denne kvelden.

Julehelga[endre | endre wikiteksten]

Julekvelden[endre | endre wikiteksten]

Carl Larsson: “Julaftonen” (akvarell, 1904-05)

Julekvelden den 24. desember vert rekna for den fyrste og viktigaste dagen i jula i fleire land, sjølv om den kyrkjelege høgtida og fødselsdagsfeiringa til Jesus tek til den 25. Ein trur dette er av di midnattsmessa, som i røynda skal vera klokka 12 natt til juledagen, vart flytt fram i tid til ettermiddagen på julekvelden. Julaftan er hovudjuledagen i Norden, Polen, Portugal, Quebec, Russland, visse delar av Tyskland, Sveits og Austerrike, der ein opnar julegåver om kvelden, og i Italia, der ein opnar julepresangane om morgonen. I Noreg går mange i kyrkja denne dagen, og det er vanleg å tenna lykter på gravene til nære slektningar. Klokka 1700 kimer alle kyrkjeklokkene, ein ringer jula inn og julehelga tar til.

Til middag på julekvelden et ein tradisjonell mat, og dei fleste har det same til julemiddag år etter år. I Noreg er ribbe og pinnekjøt dei vanlegaste hovudrettane med julepølse og medisterkake som dei viktigaste tilleggsrettane.[3] Det er vanleg å eta til ein blir meir enn mett, og det blir seinare servert dessert. Risengrynsgraut eller riskrem med mandel i kan serverast på julaftan eller tidlegare i førjulstida.

På kvelden sit ein heime saman med familien og opnar julegåver. Som regel går ein rundt treet og syng julesongar før pakkane kan opnast, og mange stader må ein venta til julenissen – som regel ein utkledd person frå selskapet – kjem innom og startar gåveutdelinga. Nokre stader, som i delar av Tyskland og Aust-Europa, er det ikkje ein gammal mann, men kristusbarnet sjølv som deler ut gåver.

I land som feirar jul hovudsakleg på juledagen er dette den siste store klargjeringsdagen. Om kvelden kan ein møtast til store måltid, eller gå ut og feira dagen.

Juledagen[endre | endre wikiteksten]

Juledagen, eller første juledag, blir i Noreg oftast feira med juledagsmiddag — eit måltid som er noko mindre tradisjonsbunde enn julemiddagen på julekvelden. Juledagsmiddagen er likevel eit utprega familiemåltid, og det er sjeldan ein går på vitjing i grannelaget juledagen. Om ein bryt denne skikken kan ein bli kalla juldagspetter eller med liknande utnamn.

Andre juledag[endre | endre wikiteksten]

Andre juledag har tradisjonelt vore dagen for dei store familiesamkomene i Noreg. På bygdene er det ofte offentleg fest om kvelden. I byane er det ein stor premieredag for kinofilmar. Medan andre juledag er heilagdag i Noreg, er han arbeidsdag i mange land, og romjulssalet tek til denne dagen.

Romjula[endre | endre wikiteksten]

Dagane mellom julehelga og nyårsaftan kallar ein romjul. Sjølve ordet «romjul» kjem frå norrønt «rúmheilagr», som tyder «noko ein ikkje treng å halde strengt heilag». Romjul er ikkje kjend frå andre kristne kulturar enn den nordiske, men har ein parallell i hol hammo‘éd i jødedommen. I denne tida er det vanleg å halda juletrefestar og gå julebukk. I takt med at mange juleelement er flytta framover i tid, har romjula mista mykje av tydinga si,[4] og mange går på arbeid som vanleg etter at julehelga sluttar.

Hogmanay[endre | endre wikiteksten]

Hogmanay, den skotske nyttårsfeiringa som tek til 31. desember, er ei viktig høgtid i Skottland, og var fram til midten av 1900-talet feira langt viktigare enn julehelga. Tradisjonelt var det i samband med denne feiring at ein delte ut gåver.

Día de Los Reyes[endre | endre wikiteksten]

Julefeiring med vismannen Baltasar i Spania.
Foto: Emijrp

Heilage tre kongar blir feira den 6. januar med julegåveopning i Spania, som har dette som einaste gåvedagen, og i visse andre spansktalande land, der ein gjev gåver både på juledag og på kongedagen.

Slutten på jula[endre | endre wikiteksten]

Kva tid jula sluttar varierer mellom ulike kulturar. I dag er det ofte nyttårsfeiringa og nyttårsdagen 1. januar som avsluttar jula. Juletrefestar vert gjerne haldne fram til heilage tre kongars dag, eller trettandedagen.

I Storbritannia har jula tradisjonelt vart i tolv dagar etter juledagen. Ho ende med Twelfth Night den 5. januar, og svarte til juletida feira i kyrkja.

I Skandinavia vara høgtida heilt til 13. januar eller tjuandedag jul (òg kalla Knuts dag). Sjølv om moderne juleferiar som regel er over ved denne tida, feirar ein framleis dagen med julgransplyndring i Sverige.

I delar av landet vart julefeiringa avslutta med «kjerringjuldagen» ved kyndelsmesse den 2. februar. Då var mannfolka reist på fiske, og kvinnfolka samla seg og åt opp det som måtte vere att av julematen.

Problem med jula[endre | endre wikiteksten]

Det er knytt mange gode kjensler til julehøgtida, men ho har òg sine problem, og det er retta kritikk mot ulike trekk ved feiringa.

Kontrastar[endre | endre wikiteksten]

Julefeiringsidealet legg vekt på familieband, vennskap, god tid og overflod av mat, drikke og materielle gode. For dei som manglar noko av dette kan høgtida føra til stress, sakn og depresjon.

Jula etter eit dødsfall i familien blir rekna som hard på grunn av holet etter dei i familiesamlinga. I familiar som er splitta gjennom samlivsbrot kan valet av kvar ungar skal feira dei viktigaste høgtidene vera vanskeleg. Elles kan det å ha fjerne eller ingen slektningar føra til ei einsam julefeiring for mange.

Kontrasten mellom julaftan for dei rike og den same høgtida for dei som har lite er blitt skildra i verk som «Karens jul» av Amalie Skram. Charles Dickens kritiserte mangelen på omtanke for andre i si skildring av gniaren Scrooge i A Christmas Carol.

Mann i nissedrakt samlar inn pengar til inntekt for fattige i Chicago i 1902.

Ein juletradisjon der ein prøver å retta litt opp i forskjellen mellom fattig og rik er å gje almisser, som mat og gåver til trengande, eller pengar til veldedige organisasjonar. På 2000-talet blei det nokså vanleg å gje utviklingshjelp på vegner av andre som deira julegåve, ved at dei til dømes «fekk» ei geit som i røynda blei gjeven til ein familie i eit utviklingsland.

Forsøk på å få bukt med einsemd i jula kan gå ut på å skipa til felles julesamlingar for einslege, halda ope kontakttelefonar, og oppfordra folk til å ta kontakt med nokon dei ikkje har snakka med på ei stund.

Motstand mot julefeiringa[endre | endre wikiteksten]

Jula utvikla seg som høgtid trass i at nokre tidlege kristne teologar, som Origenes, var imot feiring av alle fødselsdagar og særleg den til Frelsaren. Under Reformasjonen blei feiringa sett på som ei katolsk høgtid og nokre stader forbode, som i England (1647–1660) og i Boston (1659–1681). Ein del kristne rørsler, som Jehovas vitne, ser framleis ikkje på jula som kristen, og feirar henne derfor ikkje.

Også kristne som feirar jul kan kritisera kommersialiseringa og sekulariseringa av høgtida, og prøva å legga meir vekt på den eigentlege meininga med at Jesus blei fødd. Derfor er det starta aksjonar for å «ta jula tilbake». Både blant kristne og innan miljørørsla vert det hevda med styrke at verda ikkje treng nokon kjøpefest. For å markere dette har dei forsøkt å organisera ein kjøpefri dag før jul.

«Season's Greetings» på eit julepynta kjøpesenter i Hong Kong.
Foto: Alan Mak

Folk som høyrer til andre religionar enn den kristne, kan reagera mot det overdøyvande nærværet av jula og Jesus-dyrkinga som høyrer med i mange vestlege samfunn. For å imøtekoma slik kritikk finst det mellom anna julekort med «nøytrale» helsingar på (til dømes «Happy Holidays», 'gledeleg høgtid', eller «Season's Greetings» 'høgtidsønske'). Dette har igjen møtt motstand frå dei som ønskjer å halda på Jesus og jula.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ein veit ikkje kva ordet «jul» tyder. «Jól» blei brukt norrøn tid, det eldste verket me finn det er i eit hyllingskvad til Harald Hårfagre frå rundt 900 der det er snakk om å «drikka jul». Ein vanleg folkeetymologi er å setja ordet i samband med ordet «hjul», men dette er lite truleg. Falk og Torp forklarar ordet med germansk *jehwla, *je(g)wla som har samband med latin jocus, 'spøk', og meiner ordet kan ha samanhang med saturnaliafesten. Også på engelsk er ordet yule kjent; ein måtte bere inn nok ved til å vare jula ut, the yule log, og yuletide tyder framleis juletida.

På tysk heiter jul «Weihnachten», 'heilag natt'. På engelsk heiter høgtida «Christmas» (forkorta «Xmas»), ei samantrekking av «Cristes mæsse», og på nederlandsk «kerst» eller «kerstmis» med same tydinga. På romanske språk blir ho som regel kalla noko som tyder 'fødsel', som italiensk «natal», katalansk «nadal», portugisisk «natal», fransk «noël» og spansk «navidad». Frå desse kjem namn som Noel og Natalie, som ofte blei gjevne barn fødd ved juletider.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jul

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Christmas» og tilstøytande artiklar på Engelsk Wikipedia
  • «Jul» på Svensk Wikipedia
  • Falk og Torp 1903: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog
  1. [http://www.newadvent.org/cathen/01542a.htm Catholic Encyclopedia
  2. Kristin Straumsheim Grønli: «Til gudstjeneste 6,7 millioner ganger» på forskning.no
  3. Annechen Bahr Bugge: Julens mat og måltider (Fagrapport nr. 1-2006, SIFO)
  4. «Men julebukken var ikke død» på forskning.no