Solfrid Sivertsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Solfrid Sivertsen | |
| Nasjonalitet | Norsk |
| Fødd | 29. desember 1947 (65 år), Mosterhamn |
| Yrke | Bibliotekar |
| Periode | 1986- |
| Debut | Porselensfiguren |
Solfrid Sivertsen (fødd 29. desember 1947 i Mosterhamn)[1] er ein norsk forfattar, lyrikar og bibliotekar. Ho debuterte i 1986 med novellesamlinga Porselensfiguren.[2] Sivertsen har fått anerkjenning som ein forfattar som kan skriva innsiktsfullt og klisjéfritt om djupet bak det tilsynelatande kvardagslege. Musikaren og komponisten Kenneth Sivertsen var bror hennar og han sette musikk til fleire av dikta hennar.
Innhaldsliste |
Utgjevingar [endre]
- Porselensfiguren - novellesamling (1986)
- Bortanfor mellomste rommet - diktsamling (1988)
- Bak glaset - noveller (1991)
- Grøn koffert - roman (1994)
- Langtidsvarsel - roman (1996)
- På ein krakk, på ein stol - barnebok (1998)
- Ein storebror som Magnus: Forteljingar om Stine og Magnus - barnebok (1999)
- Trappa - noveller (2001)
- Fillebikkja og Frida - barnebok (2003)
- Små, små løgner : noveller - noveller (2006)
- Eit plutseleg mørke - roman (2008)
- Prinsessa i egget - barnebok (2008)
- Før klokka fire - roman (2010)
Prisar [endre]
- Nynorsk litteraturpris 1995, for Grøn Koffert
Referansar [endre]
- ↑ «Solfrid Sivertsen». forfatterkatalogen.no. Vitja 15. april 2012.
- ↑ «Solfrid Sivertsen». Nettstaden til Det Norske Samlaget. Vitja 15. april 2012.