Novelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Novelle (italiensk novella, 'lite nyhende') er ei stutt forteljing som oftast skildrar eit einskilt hende.

Det finst til dels strenge kriterie for kva som blir kalla ei novelle – det er ikkje nok at ho er kort. Ho skal gjerne vera ei fortetta skildring av éi hending som føregår over eit kortare tidsrom mellom få personar. Ei typisk novelle har ein spaningskurve som stig mot ein topp mot slutten av novella, der ho ofte har eit vendepunkt, ein uventa slutt.

Novellesjangeren blei utvikla i nyare tid av forfattarar som Nathaniel Hawthorne (t.d. Twice Told Tales frå 1842), Edgar Allan Poe (t.d. Tales of the Grotesque and Arabesque frå 1836) og Guy de Maupassant (La Maison Tellier frå 1881). Mot slutten av 1800-talet førte framveksten av tidsskrift og aviser til auka etterspurnad etter korte lesestykke, og novella blei særs etterspurd.

Kjende norske novelleforfattarar er Alexander Kielland, Sigurd Hoel, Nils Johan Rud, Tarjei Vesaas, Johan Borgen, Hans E. Kinck, Cora Sandel, Kjell Askildsen, Hans Herbjørnsrud, Tor Åge Bringsværd, Øystein Lønn, Merethe Lindstrøm og Laila Stien.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]