Songen Carrickfergus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Carrickfergus» er ei irsk folkevise. Opphavet til songen er uklårt, men han har vorte sport attende til den irske songen «Do bhí bean uasal», tilskriven diktaren Cathal Buí Mac Giolla Ghunna, som døydde i 1745 i County Clare.[1]

Songen finst på eit balladeark i Cork frå midten av 1800-talet. Cork-songaren Seán Ó Sé spelar denne versjonen på albumet 'Heritage'. Den irske teksten omhandlar ein mann som vert gjort til hanrei, og er slibrig og morosam. Den engelske teksten er derimot nostalgisk.

Songen er spelt inn av mange kjende artistar som Paddy Reilly, Declan Affley, Joan Baez, Dominic Behan, Charlotte Church, De Dannan, Joe Dassin (som «Mon village du bout du monde»), The Dubliners, Bryan Ferry, Brian Kennedy, Declan Galbraith, Irish Stew of Sindidun, Lisa Kelly, Loreena McKennitt, Órla Fallon, Van Morrison, Bryn Terfel, Van Morrison og the Chieftains og Ronan Keating.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. George Petrie: Ancient Music of Ireland, M.H. Gill, Dublin 1855 (re-printed 2005, University of Leeds, ISBN 9781859183984)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]