Songen Let's Stick Together

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Let's Stick Together
Singel av Wilbert Harrison
B-side «Kansas City Twist»
Utgjeve 1962
Innspelt 1962
Sjanger Blues
Lengd 2:55
Selskap Fury (Cat. nos. 1059 & 1063)
Låtskrivar(ar) Wilbert Harrison
Produsent Bobby Robinson

«Let's Stick Together» eller «Let's Work Together», er ein bluessong skriven av Wilbert Harrison og gjeven ut i 1962. I 1969–1970 vart han ein hit for Harrison og har sidan vorte spelt inn av andre artistar, som Canned Heat og Bryan Ferry, som begge tok songen til listene.

Originalen[endre | endre wikiteksten]

Wilbert Harrison spelte inn «Let's Stick Together» i 1962 som eim 12-takts shuffle-blues i middels tempo. Songen nådde ikkje listene den gongen, men då Harrison spelte inn songen på ny i 1969 for Sue Records, nådde han 32. plass på Billboard Hot 100 i 1970, som var første gongen Harrison var på lista sidan «Kansas City» i 1959. I motsetnad til den tidlegare versjonen, var den andre ein soloframføring med Harrison (tilskriven som «Wilbert Harrison One Man Band») på vokal, munnspel, gitar og perkusjon.

Dei to songane til Harrison nyttar same melodi og struktur, men teksten er forskjellig.

Canned Heat-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Let's Work Together
Singel av Canned Heat
frå albumet Future Blues
B-side «I'm Her Man»
Utgjeve August 1970
Innspelt International Sound Studios, Los Angeles
3. desember 1969
Sjanger Bluesrock
Lengd 3:14
Selskap Liberty (Cat. no. 56151)
Låtskrivar(ar) Wilbert Harrison
Produsent Skip Taylor, Canned Heat

Kort tid etter at Wilbert Harrison gav ut «Let's Work Together», spelte bluesrockbandet Canned Heat inn sin versjon av songen. I motsetnad til dei tidlegare singlane deira med vokal og munnspel av Alan Wilson, var det Bob Hite som song på denne songen, medan Wilson spelte slide-gitar. Songen vart klargjort for singelutgjeving i desember 1969, men då det viste seg at Harrison sin versjon vart populær, venta dei med å gje ut singelen til Harrison sin versjon hadde falle ut av lista.[1]

Canned Heat sin «Let's Work Together» kom ut i august 1970 og nådde 26. plass på Billboard Hot 100-lista. Han vart òg gjeven ut på albumet Future Blues i 1970. Harrison-singelen nådde ikkje lista i Storbritannia, medan Canned Heat-versjonen vart den største hitten deira i landet då han nådde 2. plass.[2]

Bryan Ferry-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I 1976 gav Bryan Ferry ut «Let's Stick Together» på singel. Ingen andre av singlane hans nådde like høgt på lista i Storbritannia, ein 4. plass.[3] Songen vart gjeven ut på albumet Let's Stick Together same året. Ein remiksa versjon frå 1988 vart gjeven ut som singel, som «Let's Stick Together '88», og nådde 12. plass i Storbritannia.[4]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Russo, Greg (1994). Uncanned! The Best of Canned Heat. EMI Records. s. 13. E2 29165. 
  2. «Canned Heat Chart Appearances». Chart Stats. Arkivert frå originalen den 2013-01-19. http://archive.is/IJVQe. Henta 12. april 2011. 
  3. «Bryan Ferry – Let's Stick Together». Chart Stats. Arkivert frå originalen den 2012-10-21. http://web.archive.org/20121021043816/www.chartstats.com/release.php?release=6888. Henta 12. april 2011. 
  4. «Bryan Ferry – Let's Stick Together '88». Chart Stats. Arkivert frå originalen den 2012-10-21. http://web.archive.org/20121021043849/www.chartstats.com/release.php?release=15629. Henta 12. april 2011.