Blues

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blues
Stilmessig opphav: Afroamerikansk folkemusikk
Arbeidssongar
Country
Kulturelt opphav: Sørstatane i USA seint på 1800-talet
Typiske instrument: Gitar · Piano · Munnspel · Bassgitar · Trommer · Saksofon · Vokal · Trompet · Trombone
Populær periode: Akkordprogressjonen i bules og blånotar vert nytta i dei fleste populære musikkstilar frå USA på 1900-talet. Ein særs sentral musikksjanger.
Avleidde former: Bluegrass · Jazz · R&B · Rock and roll
Undersjangrar
Boogie-woogie · Klassisk kvinneleg blues · Countryblues · Deltablues · Elektrisk blues · Fife and drum blues · Jump blues · Pianoblues
Blandingssjangrar
Bluesrock · Jazzblues · Punkblues · Soulblues
Musikalske scener
Afrikanskblues · Atlantablues · Britisk blues · Kanadisk blues · Chicagoblues · Detroitblues · Austkystblues · Kansas City-blues · Louisianablues · Memphisblues · New Orleans-blues · Piedmont-blues · St. Louis-blues · Swampblues · Texasblues · Vestkystblues

Blues er ein musikksjanger basert på bruken av blåtonar. Han oppstod i afroamerikanske samfunn i USA ut frå negro spirituals, arbeidssongar, og enkle balladar på rim.[1] Bruken av blåtonar og call and response (kall og korsvar) i musikken og tekstane er den afrikansk påverknaden på sjangeren.

Blues påverka seinare amerikansk og vestleg popmusikk, sidan han danna grunnlaget for jazz, rhythm and blues og bluegrass. I 1960- og 1970-åra vart ei blandingsform kalla bluesrock utviklinga frå blues og forskjellige former for rock 'n' roll.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Uttrykket «the blues» viser til «the blue devils» («dei blå demonane») som står for nedstemte kjensler, melankoli og sorgmod. Ein tidleg referanse til «the blues» finn ein i George Colman sin farse Blue devils (1798).[2]

Sjølv om bruken av uttrykket i afroamerikansk musikk kan vere eldre, vert songen «Dallas Blues» av Hart Wand frå 1912 rekna som den første blues-songen.[3][4] I tekstar vart uttrykket ofte nytta for å skildre ei nedtrykt stemning.[5]

Stilmessig og kulturelt opphav[endre | endre wikiteksten]

Det er nokre eigenskapar som kjenneteiknar all blues, fordi sjangeren har tatt form frå spesifikke individuelle framføringar.[6] Det er derimot nokre kjenneteikn som alt eksisterte lenge før moderne blues vart danna. Ei tidleg form for bluesliknande musikk var såkalla call-and-response-rop som var ein vokalstil utan harmoniar eller ein spesiell musikalsk struktur[7] Ei form av denne forgjengaren til blues kunne ein høyre på slavemarkene der slavane sine musikalske skrik og rop utvikla seg til enkle solosongar med mykje kjensler.[8] Ein kan sjå på blues, som vi kjenner han i dag, som basert på både europeisk harmonistruktur og den afrikanske «call-and-response»-tradisjonen, omforma til eit samspel mellom stemme og gitar.[9][10].

Mange blueselement, som call-and-response-formatet og bruken av blåtonar kan sporast tilbake til afrikansk musikk. Diddleybogen var eit heimelaga instrument med ein streng som dukka opp i dei amerikanske Sørstatane tidleg på 1900-talet og banjoen er eit afrikanskbasert instrument som kan ha vore med på å overføre afrikanske musikkteknikkar inn i tidleg blues. Blues tok seinare til seg element frå «Ethiopian airs», minstrelshow og negro spirituals, inkludert instrumental- og harmoniakkompagnement.[11] Stilen var òg nært knytt til ragtime, som utvikla seg samstundes, men blues bevarte i større grad melodimønsteret i afrikansk musikk.[12] Bluesforma i seg sjølv har ikkje noko likskap til melodistilen i vestafrikanske griotar og påverknaden er berre svak og utydeleg.[13] Ein kan ikkje finne ein spesifikk afrikansk musikkform som kan knytast som ein direkte forgjengar for blues.[14]

Bluessongar frå denne perioden, som Lead Belly sine eller Henry Thomas sine innspelingar viser mange forskjellige strukturar. 12-takts- og 8-taktsblues, eller 16-taktsblues basert på tonika (I), subdominante (IV) og dominante (V) akkordar var dei vanlegaste formene.[15] Det som i dag er kjend som ein standard 12-taktsblues er kjend gjennom muntleg overføring og notar som dukka opp i afroamerikanske samfunn i regionen langs nedre Mississippielva, i Beale Street i Memphis, Tennessee og av kvite artistar i New Orleans.

Den opphavlege tekstforma for blues var truleg ei enkel tekstlinje som vart repetert fire gonger. Det var først seinare at den noverande, mest vanlege strukturen med ei linje repetert ein gong, etterfølgd av ei linje med ein konklusjon, vart standard.[16] To av dei første utgjevne bluessongane, «Dallas Blues» (1912) og «St. Louis Blues» (1914) hadde begge linjer som vart repetert to gonger, etterfølgd av «svaret» på ei linje, over 12 taktar. W.C. Handy skreiv at han starta å gjere det på denne måten for at det ikkje skulle verte for monotont med ei linje repetert tre gonger.[17] Desse linjene vart ofte meir framført som rytmisk snakking enn til ein melodi. Tidleg blues hadde ofte ei laus forteljande form. Songaren song ofte om personleg smerte på grunn av ei hard verd, som tapt kjærleik, vonde politifolk, undertrykking frå kvite folk, og generelt harde tider.[18]

Mange av dei tidlegaste bluesartistane, som Son House og Skip James hadde fleire religiøse songar eller spirituals i repertoaret sitt. Reverend Gary Davis og Blind Willie Johnson er døme på artistar som ofte vart kategorisert som bluesartistar, men som ut frå tekstane heilt klart høyrer til spirituals.

Sjølv om blues vart assosiert med elende og undertrykking, kunne blues òg vere fylt med humor og råskap:

«Rebecca, Rebecca, get your big legs off of me,
Rebecca, Rebecca, get your big legs off of me,
It may be sending you baby, but it's worrying the hell out of me.»
Frå Big Joe Turner sin «Rebecca», ei samling av tradisjonelle bluestekstar.

Hokumblues nytta både komiske tekstar og ein larmande og farseaktig framføring. Tampa Red sin klassikar «Tight Like That» er eit slu ordspel med doble tydingar der det å vere «tight» («tett») med nokon òg hadde ei meir seksuell tyding. Tekstinnhaldet i musikken vart noko enklare i etterkrigstida der fokuset nesten alltid var på songaren sine ulukkelege forhold eller seksuelle uro. Tema som var vanlege i førkrigstida var økonomisk depresjon, jordbruk, demonar, gambling, magi, flaum- og tørkeperiodar, og desse vart langt mindre vanleg i blues i etterkrigstida.

Musikalsk stil[endre | endre wikiteksten]

Dei første tiåra av 1900-talet var ikkje akkordprogressjonen i bluesmusikken klart definert. Det var mange bluessongar i 8-taktsform, som «How Long Blues», «Trouble in Mind» og Big Bill Broonzy sin «Key to the Highway». Andre, uvanlege takttal dukka òg stundom opp, som 9-taktsbluesen i Howlin' Wolf sin «Sitting on Top of the World». Den grunnleggande 12-taktsbluesen består av ein standard harmonisk progresjon på 12 takter i 4/4 takt (eller meir sjeldan 2/4). Slow blues vert ofte spelt i 12/8 (4 taktslag per takt med 3 underavdelingar per taktslag), altså 4/4-takt med triolar.

I 1930-åra hadde 12-taktsblues vorte standard. Det fanst òg 16-taktsblues som i Ray Charles sin instrumentale «Sweet 16 Bars» og i Herbie Hancock sin «Watermelon Man». Bluesakkordar som vert nytta i 12-taktsblues er vanlegvis tre forskjellige akkordar spelt over tolv taktar:

I I eller IV I I7
IV IV I I7
V IV I I eller V

der romartala viser til trinna i progresjonen. Det vil sei at om han vart spelt i tonaliteten C, så ville akkordane vorte:

C C eller F C C
F F C C
G F C C eller G

(Når IV-akkorden vert spelt i takt 2, så så vert bluesen kalla ein «Quick-Change»-blues («rask endring»)).

I dette dømet er C tonikum og F er subdominant. Mykje av tida vert nokre eller alle desse akkordane spelt som septimakkordar. Ofte er den siste akkorden den dominante (V eller i dette tilfelle G) turnaround («snu rundt») som dannar overgangen til byrjinga for den neste progresjonen.

Bruken av septimakkordar er vanleg i blues og vert ofte kalla «blues seven»[19]. Med eit forhold på 7:4 er han ikkje nær noko intervall, verken i moll eller dur, i den vanlege vestlege diatoniske skalaen. [20].

Ein pentatonisk skala i moll

Tekstane endar vanlegvis på det siste slaget i den tiande takten eller på det første slaget i den elevte takten og dei to siste taktane vert nytta som ein pause. Harmonien i denne totaktspausen, den såkalla turnaround, kan vere ekstremt komplisert og stundom av heilt enkle tonar utan akkordar. Det siste slaget er derimot nesten alltid den dominante septimakkorden (V7) for å skape spenning før det neste verset.

Notar frå «St. Louis Blues» (1914)

Melodisk er blues markert med bruken av ein forminska ters, ein tritonus og ein septim (dei såkalla blåtonane) i durskalen. [21] Desse skalatonane kan erstatte dei naturlege skalatonane eller leggast til skalaen, som er tilfelle i den pentatoniske bluesskalaen i moll, der ein forminska ters erstattar den naturlege tersen, ein forminska septim ersttar den naturlege septimen og ein forminska kvint er lagt til mellom den naturlege kvarten og den naturlege kvinten. Sjølv om 12-takts harmonisk progresjon hadde vorte nytta i fleire hundreår var det revolusjonerande med blues bruken av den forminska tersen, den forminska septimen og sjølv den forminska kvinten i melodien.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Okahumkee på Ocklawaha. Bilete frå 1890-åra av ein turistbåt i Florida med svarte musikarar som spelar gitar

Blues har utvikla seg frå den vokal musikken utan akkompagnement og dei muntlege tradisjonane til afroamerikanske slavar (importert frå Vest-Afrika, hovudsakleg Mali, Senegal, Gambia og Ghana)[22][23] og svarte bønder til mange forskjellige stilar og undersjangrar med variasjonar frå region til region i USA og seinare òg Europa og Afrika. Dei musikalske formene og stilane til det som i dag vert rekna som «blues» og moderne countrymusikk, oppstod i dei same regionane på 1800-talet i det sørlege USA. Innspelingar med blues og country går heilt tilbake til 1920-åra då plateindustrien utvikla seg og danna marknadskategoriar kalla «rasemusikk» og «hillbillymusikk» for å selje musikk av svarte for svarte og av kvite for kvite.

På denne tida vart det ikkje noko klårt musikalsk skilje mellom blues og country, bortsett frå etnisiteten til dei som spelte musikken, og sjølv dette vart ikkje godt dokumentert av plateselskapa.[24] Studiar har vist at opphavet til negro spirtuals oppstod då slavane høyrte dei sørlege kvite sine salmar og forma sine eigne tonar frå salmane til metodisten John Wesley, som predikantar på 1800-talet tok med seg, og seinare skotsk-irsk musikk. Den afroamerikanske økonomen og historikaren Thomas Sowell skriv òg at tidlegare svarte slavar til ein viss grad vart påverka av kulturen til sine skots-irske naboar. Studiane viser derimot òg at mange sider av blues-uttrykket kjem frå afroamerikansk kultur.

Ein kjenner ikkje heilt til dei sosiale og økonomiske årsakene til at blues oppstod.[25] Første gong blues oppstod er heller ikkje noko ein veit sikkert og starten vert ofte datert til mellom 1870 og 1900, ein periode som skjedde samstundes med frigjering og seinare utviklinga av så kalla juke joints der svarte gjekk for å høyre på musikk, danse og ofte gamble etter ein dag med hardt arbeid,[26] og overgangen frå slaveri til forpakting, småskala jordbruksproduksjon og utbygginga av jernbanane i det sørlege USA.

Fleire historikarar ser på utviklinga av bluesmusikk tidleg på 1900-talet som ei overføring av musikk spelt av grupper til ein meir individuell stil. Dei hevdar at utviklinga av blues er knytt til den nye fridomen som dei tidlegare slavane hadde fått. I følgje Lawrence Levine var det ein direkte samanheng mellom den nasjonale ideologiske framhevinga av det individuelle, populariteten til Booker T. Washington si lære og oppstoda til bluesen. Vidare seier han at psykologisk, sosialt og økonomisk vart dei tidlegare slavane kulturforandra på ein måte som hadde vore umogeleg under slaveriet og at det ikkje var overraskande at dette kom fram i musikken deira.[27]

Førkrigsblues[endre | endre wikiteksten]

Dei amerikanske noteforlaga produserte mykje ragtimemusikk. I 1912 gav dei ut notane til tre blues-liknande songar som vart veldig populære, og dette førte til at Tin Pan Alley raskt heiv seg rundt og gav ut «Baby Seals' Blues» av «Baby» F. Seals (arrangert av Artie Matthews), «Dallas Blues» av Hart Wand og «The Memphis Blues» av W. C. Handy.[28]

Handy var ein formelt utdanna musikar, komponist og arrangør som var med på å gjere blues populært ved å transkribere og instrumentere blues på ein nesten symfonisk måte med band og songarar. Han vart ein populær og produktiv låtskrivar og kalla seg sjølv «Father of the Blues» («Bluesen sin far»), men komposisjonane hans kan skildrast som ei blanding av blues med ragtime og jazz, noko som vart gjort lettare med bruk av cubanske habnerarytmar som lenge hadde vore ein del av ragtime;[29][30] Handy sitt viktigaste bidrag var «St. Louis Blues».

I 1920-åra vart blues ein viktig del av afroamerikansk og amerikansk populærmusikk, og nådde kvite publikum via Handy sine arrangement og klassiske kvinnelege bluesartistar. Blues utvikla seg frå uformelle framføringar i barar til underhaldning i teater. Bluesframføringar vart organisert av Theater Owners Bookers Association i nattklubbar som Cotton Club og juke joints, som barane langs Beale Street i Memphis. Denne utviklinga førte til at det dukka opp mange stilar og eit klårare skilje mellom blues og jazz. Fleire plateselskap, som American Record Corporation, Okeh Records og Paramount Records, byrja å spele inn i afroamerikansk musikk.

Etter kvart som plateindustrien voks, vart countrybluesartistar som Bo Carter, Blind Lemon Jefferson, Lonnie Johnson, Tampa Red og Blind Blake populære i det afroamerikanske samfunnet. Sylvester Weaver var den første som spelte inn musikk med slidegitar der han drog eit knivblad eller den avsagde halsen på ei flaske over gitarhalsen. Slidegitaren vart ein viktig del av deltablues.[31] Dei første bluesinnspelingane frå 1920-talet var i to kategoriar, ein tradisjonell, landleg countryblues og glattare «byblues» eller urban blues.

Countrybluesartistar improviserte ofte, anten utan akkompagnement eller med berre ein banjo eller ein gitar. Det var mange regionale stilar innanfor countryblues tidleg på 1900-talet. Mississippi- eller deltablues var ein tradisjonell og enkel stil med lidenskapleg vokal i lag med slidegitar. Robert Johnson,[32] var ein artist som kombinerte både urban og landleg blues, men han hadde få innspelingar. I lag med Robert Johnson spelte forgjengarane hans Charley Patton og Son House deltablues. Songarar som Blind Willie McTell og Blind Boy Fuller spelte den søraustlege «vanskelege og lyriske» piedmontblues som nytta ein komplisert fingerplukkingsteknikk på gitaren. Georgia hadde òg ein tidleg slidetradisjon.[33]

1920-talet og framover[endre | endre wikiteksten]

Den livlege memphisblues-stilen, som utvikla seg i 1920- og 1930-åra rundt Memphis i Tennessee var påverka av jug band, som Memphis Jug Band og Gus Cannon's Jug Stompers. Artistar som Frank Stokes, Blind Old Tom Anderson, Sleepy John Estes, Robert Wilkins, Big Boy Brazier, Joe McCoy og Memphis Minnie nytta forskjellige uvanlege instrument som vaskebrett, fele, kazoo eller mandolin. Memphis Minnie var kjend for hennar vanskelege gitarstil. Pianisten Memphis Slim byrja karrieren sin i Memphis, men den forholdsvis særeigne stilen hans var glattare og hadde fleire element av swing. Mange bluesmusikarar i Memphis flytta til Chicago seint i 1930- eller tidleg i 1940-åra og vart ein del av den urbane bluesrørsla som blanda country og elektrisk blues.[34]

Bessie Smith, ei tidleg bluessongerinne som var kjend for den kraftige stemma si.

Urbane bluesstilar var meir kodifiserte og kompliserte.[35] Klassiske kvinnelege urbane eller varietébluessongarar var populære i 1920-åra, som Mamie Smith, Gertrude «Ma» Rainey, Bessie Smith og Victoria Spivey. Mamie Smith, som var meir ein varietéartist enn ein bluesartist, var den første afroamerikanaren som spelte inn blues i 1920. Den andre plata hennar, «Crazy Blues» selde 75 000 eksemplar den første månaden.[36]

Ma Rainey, som vart kalla «Mother of Blues», og Bessie Smith song kvar song rundt sentertonar, truleg for at stemma skulle bere lettare til andre sida av rommet.[37] Urban mannlege artistar inkluderte populære svarte musikarar som Tampa Red, Big Bill Broonzy og Leroy Carr. Før den andre verdskrigen vart Tampa Red stundom kalla «the Guitar Wizard» («Gitartrollmannen») Carr valde å verte akkompagnert av eit piano, noko som var uvanleg på denne tida.[31]

Ei anna utvikling i denne perioden var storbandblues.[38] «Territoriumbanda» med base i Kansas City, som Benny Moten orchestra, Jay McShann og Count Basie Orchestra spelte òg blues, med 12-taktsbluesinstrumentalar som Basie sin «One O'Clock Jump» og «Jumpin' at the Woodside» og larmande «bluesroping» av Jimmy Rushing på songar som «Going to Chicago» og «Sent for You Yesterday». Ein velkjend storbandblues-song var Glenn Miller sin «In the Mood». I 1940-åra utvikla jump blues-stilen seg. Jump blues er påverka av storbandmusikk og nyttar saksofon eller andre messingblåseinstrument og gitar i rytmeseksjonen for å skape eit jazzaktig og uptempo lydbilete med høgttravande vokal. Jump blues-songar av Louis Jordan og Big Joe Turner, som heldt til i Kansas City, påverka seinare utviklinga av rock and roll og rhythm and blues.[39]

Ei typisk basslinje i boogie-woogie

Boogie-woogie var ein annan viktig stil i urban blues i 1930- og tidleg i 1940-åra.[40] Sjølv om stilen ofte vert assosiert med solopiano, vart boogie-woogie òg nytta til å akkompagnere songarar og som ein solodel i band og små jazzorkester. Boogie-Woogie-stilen hadde ein fast bassgang, ein ostinato eller eit riff og endring av tonenivå på venstrehanda, medan høgrehanda utpensla og fyllte ut kvar akkord. Ein pioner innan boogie-woogie var Jimmy Yancey and the Boogie-Woogie Trio (Albert Ammons, Pete Johnson og Meade Lux Lewis) frå Chicago. Andre boogie-woogie-artistar frå Chicago var Clarence «Pine Top» Smith og Earl Hines, som knytte drivande rytmar frå ragtimepianistar med venstrehanda med melodiske tonar som likna Louis Armstrong sin trompet med høgrehanda.[35] Den glatte Louisiana-stilen til Professor Longhair, og i nyare tid Dr. John, blandar klassisk rhythm and blues med bluesstilar.

Tidleg etterkrigsblues[endre | endre wikiteksten]

Etter den andre verdskrigen og i 1950-åra vart nye stilar innan elektrisk blues populært i byar som Chicago, Detroit og St. Louis.[41] Elektrisk blues nytta elektriske gitarar, elektrisk bass, trommer og munnspel gjennom ein mikrofon. Chicago vart eit senter for elektrisk blues tidleg i 1950-åra. Chicagoblues er i stor grad påverka av Mississippiblues, fordi mange artistar hadde flytta dit frå Mississippi-regionen. Howlin' Wolf,[42] Muddy Waters,[43] Willie Dixon,[44] og Jimmy Reed[45] var alle fødd i Mississippi og flytta til Chicago under den store afroamerikanske folkevandringa. Stilen deira er basert på bruken av elektrisk gitar, stundom slidegitar, munnspel og ein rytmeseksjon av bass og trommer. J. T. Brown som spelte i Elmore James sitt[46] eller J. B. Lenoir sitt[47] band, nytta òg saksofonar, men desse vart meir nytta som akkompagnement eller rytmisk støtte og ikkje soloinstrument.

Little Walter og Sonny Boy Williamson (Rice Miller) er kjende munnspelartistar i tidleg chicagoblues. Andre munnspelartistar som Big Walter Horton var òg viktig. Muddy Waters og Elmore James var kjend for sin nyskapande bruk av elektrisk slidegitar. B. B. King og Freddie King (ingen slektskap), som ikkje nytta slidegitar, var òg viktige gitaristar innan elektrisk blues, sjølv om dei ikkje var frå Chicago. Howlin' Wolf og Muddy Waters var kjend for sine djupe, «brumlete», stemmer.

Bassist og låtskrivar Willie Dixon spelte ei stor rolle i chicagoblues-miljøet. Han skreiv mange standardsongar i perioden, som «Hoochie Coochie Man», «I Just Want to Make Love to You» (begge skrive for Muddy Waters) og «Wang Dang Doodle» og «Back Door Man» for Howlin' Wolf. Dei flest artistane som spelte chicagoblues gav ut musikken sin på Chess Records i Chicago. Andre viktige bluesselskap i denne perioden J.O.B. Records og Vee-Jay Records.

I 1950-åra hadde blues ein stor påverknad på amerikansk populærmusikk og særleg i utviklinga av rockabilly. Medan populære artistar som Bo Diddley og Chuck Berry var påverka av chicagoblues avveik den entusiastiske framføringa deira frå det melankolske aspektet i blues. Diddley og Berry si tilnærming var ein av faktorane som medverka til overgangen frå blues til rock ’n’ roll. Elvis Presley og Bill Haley var meir påverka av jump blues og boogie-woogie. Dei gjorde rock and roll populære hos den kvite folkesetnaden. Chicagoblues påverka òg zydecomusikken frå Louisiana der Clifton Chenier nytta blues-stilar. Zydecomusikarar nytta òg elektrisk sologitar og cajun-arrangement frå bluesstandardar.

John Lee Hooker lagde sin eigen bluesstil og fornya han fleire gonger gjennom den lange karrieren sin.

Andre bluesartistar som T-Bone Walker, Michael Walton og John Lee Hooker var ikkje direkte påverka av Chicago-stilen. T-Bone Walker frå Dallas er ofte knytt til californiablues, som er glattare enn chicagoblues og ein overgang mellom chicagoblues, jump blues og swing med noko element av jazzgitar. John Lee Hooker sin blues er meir «personleg» og basert på Hooker si djupe stemme og akkompagnert av ein enkelt elektrisk gitar. Sjølv om han ikkje er direkte påverka av boogie woogie vert den «groovy» stilen hans stundom kalla «gitarboogie». Den første hitten hans «Boogie Chillen» nådde førsteplass på R&B-lista i 1949.[48]

Seint i 1950-åra vart swamp blues utvikla nær Baton Rouge med artistar som Slim Harpo, Sam Myers og Jerry McCain. Swamp blues er har eit seinare tempo og enklare bruk av munnspel enn i chicagobluesen til Little Walter eller Muddy Waters. Songar frå denne sjangeren er mellom anna «Scratch my Back», «She’s Tough» og «I’m a King Bee».

Blues i 1960- og 1970-åra[endre | endre wikiteksten]

Ved byrjinga av 1960-talet var sjangrar påverka av afroamerikansk musikk, som rock and roll og soul, av dei mest populære musikksjangrane. Kvite artistar hadde ført afroamerikansk musikk ut til eit nytt publikum både i USA og resten av verda. I Storbritannia etterlikna britiske band amerikansk blues og den britiske bluesrocken fekk etter kvart ei viktig rolle ut på 1960-talet.

Blueslegenda B.B. King med gitaren sin «Lucille»

Bluesartistar som John Lee Hooker og Muddy Waters heldt fram å spele for entusiastiske publikum og inspirerte nye artistar til å kaste seg ut i tradisjonell blues, som Taj Mahal frå New York City. John Lee Hooker blanda bluesstilen sin med rock og spelte med yngre kvite musikarar, og danna ein musikalsk stil som ein kan høyre på albumet Endless Boogie frå 1971. B. B. King sin virtuose gitarteknikk førte til at han fekk tilbamnet «kongen av blues». I motsetnad til Chicago-stilen, nytta King blåsarar i bandet sitt, som saksofon, trompet og trombone, i staden for slidegitar og munnspel. Bobby «Blue» Bland frå Tennessee, stod som B. B. King med eitt bein i blues og eit anna i R&B. I løpet av denne perioden spelte Freddie King og Albert King ofte med rock- og soulartistar (Eric Clapton, Booker T & the MGs) og hadde ein stor påverknad på desse med sine musikkstilar.

Musikken til Borgarrettsrørsla og Talefridomsrørsla i USA førte til ein ny interesse i tradisjonell amerikansk musikk og tidleg afroamerikansk musikk. I tillegg førte Jimmi Bass Music-festivalar som Newport Folk Festival tradisjonell blues til eit nytt publikum og vekka interesse for akustisk blues frå førkrigstida av artistar som Son House, Mississippi John Hurt, Skip James og Reverend Gary Davis. Mange samlingar av klassisk førkrigsblues vart gjeve ut på nytt av Yazoo Records. J. B. Lenoir frå chicagoblues-miljøet i 1950-åra spelte inn fleire plater med akustisk gitar, stundom i lag med Willie Dixon på akustisk bass eller trommer. Songane hans kommenterte politiske tema om rasisme eller vietnamkrigen, som var uvanleg i denne perioden. Eit tekstutdrag frå songen hans Alabama Blues er:

«I never will go back to Alabama, that is not the place for me (2x)
You know they killed my sister and my brother,
and the whole world let them peoples go down there free»

Det kvite publikummet sin interesse for blues i 1960-åra auka på grunn av Paul Butterfield Blues Band frå Chicago og den britiske bluesrørsla. Britisk blues vart utvikla i Storbritannia då band som Fleetwood Mac, John Mayall & the Bluesbreakers, The Rolling Stones, The Yardbirds og Cream spelte klassiske bluessongar frå Delta eller chicagoblues tradisjonen.[49]

Dei britiske bluesmusikarane frå tidleg på 1960-talet inspirerte mange amerikanske bluesrock-artistar som Canned Heat, Janis Joplin, Johnny Winter, The J. Geils Band, Ry Cooder og The Allman Brothers Band. Mange av Led Zeppelin sine første songar var tolkingar av tradisjonelle bluessongar. Ein bluesrock-artist, Jimi Hendrix, var uvanleg for si tid, ein svart mann som spelte psykedelisk rock. Hendrix var ein særs dyktig gitarist og ein pioner innan bruken av forvrenging og feedback i musikken sin.[50] Gjennom desse artistane og andre påverka bluesmusikken utviklinga av rock.[51]

Seint i 1960-åra oppstod West Side-stilen i Chicago med Magic Sam, Magic Slim og Otis Rush. West Side-stilen hadde ein stødig rytmisk gitar, og ein sterk elektrisk bass- og trommerytme. Albert King, Buddy Guy og Luther Allison hadde ein West Side-stil som var dominert av elektrisk sologitar.[52][53] Sidan tidleg i 1970-åra har texasblues dukka opp der gitaren vert brukt til både soloar og rytme. I motsetnad til West Side-blues, var texasblues sterkt påverka av den britiske bluesrockrørsla. Store artistar innan texasblues er Johnny Winter, Stevie Ray Vaughan, The Fabulous Thunderbirds og ZZ Top. Desse artistane debuterte på 1970-talet, men fekk ikkje stor internasjonal suksess før ut på 80-talet.

Blues på norsk[endre | endre wikiteksten]

I Club 7-miljøet vart det i 1960-åra sunge bluesmusikk, men det var først i 1971 at ein bluestekst vart utgitt i norsk språk. Den kanskje første norske bluesteksten var det Øystein Sunde som gav ut: «Hvis Glomma var whisky», ei omsetjing ei Muddy Waters-låt, med tekst etter Gus Cannon, først innspela i 1928.[54]

1980-åra til i dag[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1980-åra har blues igjen vorte populært i visse delar av afroamerikanske samfunn, særleg rundt Jackson i Mississippi og andre «Deep South»-område. Han vart ofte kalla «soulblues» eller «Southern Soul» og musikken frå denne rørsla fekk uventa suksess med to innspelingar på Malaco Records i Jackson:[55] Z. Z. Hill sin Down Home Blues (1982) og Little Milton sin The Blues is Alright (1984). Andre afroamerikanske artistar i denne sjangeren er Bobby Rush, Denise LaSalle, Sir Charles Jones, Bettye LaVette, Marvin Sease og Peggy Scott-Adams.

Bluesgitaristen Stevie Ray Vaughan frå Texas

I 1980-åra heldt blues fram i både tradisjonelle og nye former. I 1986 kom albumet Strong Persuader og gjorde Robert Cray til ein stor bluesartist.[56] Det første Stevie Ray Vaughan-albumet var Texas Flood i 1983 og gitaristen frå Texas vart ei stor internasjonale bluesstjerne. I 1989 vart John Lee Hooker igjen populær med albumet The Healer. Eric Clapton som var kjend for sine framføringar med the Blues Breakers og Cream gjorde comeback i 1990-åra med albumet Unplugged, der han spelte standardblues på akustisk gitar.

Unge bluesartistar i dag spelar alle typar blues, frå klassisk deltablues til meir rockbasert blues. Artistar fødd etter 1970, som Sean Costello, John Mayer, Anthony Gomes, Shemekia Copeland, Jonny Lang, Corey Harris, Susan Tedeschi, Joe Bonamassa, The White Stripes, North Mississippi Allstars, Gracie B, The Black Keys, Bob Log III, Jose P og Hillstomp, har utvikla sine eigne stilar.[57]

Musikalsk innverknad[endre | endre wikiteksten]

Musikalske bluesstilar, former (12-taktsblues), melodiar og bluesskalaer har påverka mange andre musikksjangrar som rock and roll, jazz og popmusikk.[58] Viktige jazz-, folk- eller rockeartistar som Louis Armstrong, Duke Ellington, Miles Davis, Bob Dylan og the White Stripes har alle spelt viktige bluesinnspelingar. Bluesskalaen vert ofte nytta i popsongar som Harold Arlen sin «Blues in the Night», bluesballadar som «Since I Fell for You» og «Please Send Me Someone to Love» og sjølv orkesterverk som George Gershwin sin «Rhapsody in Blue» og «Concerto in F».

Bluesskalaen finst overalt i moderne popmusikk og fyller mange modale rammer, særleg triolrekkjer nytta i rock (t.d. i «A Hard Day’s Night»).

Rhythm and blues kan sporast tilbake til negro spirituals og blues. Musikalsk kom spirituals frå kortradisjonar i New England og særleg Isaac Watts sine salmar, blanda med afrikanske rytmar og call-and-response-former. Spirituals eller kyrkjesongar i afroamerikanske samfunn er betre dokumentert enn «simpel» blues. Religiøse songar utvikla seg fordi afroamerikanske samfunn samla seg saman til messer, som vart kalla camp meeting (religiøst friluftsmøte).

Tidlege countrybluesmenn som Skip James, Charley Patton, Georgia Tom Dorsey spelte country og urban blues og var påverka av religiøse songar. Dorsey var med på å gjere gospelmusikk populært. Gospel utvikla seg i 1930-åra med Golden Gate Quartet. I soulmusikken i 1950-åra nytta Sam Cooke, Ray Charles og James Brown element frå gospel og blues. I 1960- og 1970-åra vart blues og gospel slått saman med soul. Funkmusikk på 1970-talet var påverka av soul. Funk er ein forgjengar for hip-hop og moderne R&B.

Duke Ellington spelte innanfor storband- og bebopsjangrar. Sjølv om Ellington var ein jazzartist nytta han mykje blues-forma.

Før den andre verdskrigen var grensene mellom blues og jazz uklåre. Vanlegvis hadde jazz ein harmonisk struktur som kom frå hornorkester, medan blues hadde bluesformer som 12-taktsblues. Jump blues på 1940-åra blanda derimot begge desse stilane. Etter den andre verdskrigen hadde blues ein stor påverknad på jazz. Bebopklassikarar som Charlie Parker sin «Now's the Time» nytta bluesforma med ein pentatonisk skala og blåtonar. Bebop markerte ei stor endring i rolla til jazz og vart ein populær stil som ein kunne danse til. Publikum delte seg mellom blues og jazz og grensene mellom dei to vart tydlegare. Artistar som spelte musikk i begge leirar er kategorisert i undersjangeren jazzblues.[59]

12-taktssturkturen i blues og bluesskalaen var særs viktig for utviklinga av rock and roll. Rock-and-roll vart i starten kalla «blues med etterslag». Carl Perkins kalla rockabilly for «blues med countrytakt». Rockabilly vart òg kalla 12-taktsblues spelt med ein bluegrass-takt. «Hound Dog» er ein song med ein urørt 12-taktsstruktur (både i harmoni og tekst) og ein melodi som er basert på forminska ters og forminska septim, og er i praksis ein bluessong omgjort til rock 'n' roll. Jerry Lee Lewis sin rock 'n' roll-stil var kraftig påverka av blues og boogie woogie.[60][61]

Tidleg country var full av blues.[62] Jimmie Rodgers, Moon Mullican, Bob Wills, Bill Monroe og Hank Williams har alle skildra seg sjølv som bluesartistar og musikken deira har ei blueskjensle som er forskjellig frå countrypopen til Eddy Arnold. Mykje av outlaw country-musikken på 1970-talet av Willie Nelson og Waylon Jennings låner òg frå blues. Mange tidlege rock-and-roll-songar er basert på blues: «That's All Right Mama», «Johnny B. Goode», «Blue Suede Shoes», «Whole Lotta Shakin' Goin On», «Shake, Rattle and Roll» og «Long Tall Sally». Dei tidlege afroamerikanske rockemusikarane nytta seksuelle tema og antydingar frå bluesmusikk: «Got a gal named Sue, knows just what to do» («Tutti Frutti»", Little Richard) eller «See the girl with the red dress on, She can do the Birdland all night long» («What'd I Say», Ray Charles).

I populær kultur[endre | endre wikiteksten]

Som med jazz, rock and roll, heavy metal, hip hop, reggae, country og pop, har blues vorte skuldra for å vere «djevelen sin musikk» og vorte skulda for å opphissa til vald og anna dårleg oppførsel.[63] Tidleg på 1900-talet hadde blues dårleg rykte, særleg då det kvite publikummet byrja å lytte til blues i 1920-åra.[29] Tidleg på 1900-talet var W.C. Handy den første som gjorde bluesmusikk populært hos ikkje-svarte amerikanarar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Kjelder i tekst[endre | endre wikiteksten]

  1. The Evolution of Differing Blues Styles. How To Play Blues Guitar. Vitja 7. september 2008.
  2. «Trésor de la Langue Française informatisé» gjev opphavet til ordet «blues» og George Colman sin farse er første gong uttrykket dukkar opp i engelsk språk, sjå http://atilf.atilf.fr/dendien/scripts/fast.exe?mot=blues
  3. Davis, Francis. The History of the Blues. New York: Hyperion, 1995.
  4. Eric Partridge, A Dictionary of Slang and Unconventional English, 2002, Routledge (UK), ISBN 0-415-29189-5
  5. Tony Bolden, Afro-Blue: Improvisations in African American Poetry og Culture, 2004, University of Illinois Press, ISBN 0-252-02874-0
  6. Southern, pg. 333
  7. Garofalo, s. 44
  8. Ferris, s. 229
  9. Morales, s. 276 Morales gjev John Storm Roberts æra for dette i Black Music of Two Worlds
  10. Call and Response in Blues. Vitja 7. september 2008.
  11. Garofalo, s. 44
  12. Schuller, sitert i Garofalo, s. 27
  13. Nothing But the Blues: The Music and the Musicians av Lawrence Cohn, Mary Katherine Aldin , Bruce Bastin - Abbeville Press. 1993. ISBN 1-55859-271-7 s. 25
  14. The Curious Listener's Guide to the Blues. Barbara Vierwo, Andy Trudeau. Stone Press ISBn 0-399-53072-X s. 15
  15. Garofalo, s. 46–47
  16. Ferris, s. 230
  17. Father of the Blues: An Autobiography av W.C. Handy, redigert av Arna Bontemps: forord av Abbe Niles. Macmillan Company, New York; (1941) s 143
  18. Ewen, s. 142–143
  19. Ellen Fullman (1987). The Long String Instrument. MusicWorks Issue #37.
  20. A Jazz Improvisation Almanac, Outside Shore Music Online School.
  21. Ewen, s. 143
  22. The rough guide to African Blues CD-hefte
  23. Blues importert frå Vest-Afrika
  24. Garofalo, s. 44–47
  25. Philip V. Bohlman, "Immigrant, folk and regional music in the twentieth century", i The Cambridge History of American Music, red. David Nicholls, 1999, Cambridge University Press, ISBN 0-521-45429-8, s. 285
  26. Oliver, Paul (1984) Blues Off the Record:Thirty Years of Blues Commentary, s. 45–47 – Da Capo Press, New York. ISBN 0-306-80321-6.
  27. Lawrence W. Levine, Black Culture and Black Consciousness: Afro-American Folk Thought from Slavery to Freedom, Oxford University Press, 1977, ISBN 0-19-502374-9, s. 223
  28. Garofalo, s. 27
  29. 29,0 29,1 Garofalo, s. 27
  30. Morales, pg. 277
  31. 31,0 31,1 Clarke, s. 138
  32. Clarke, s. 141
  33. Clarke, s. 139
  34. Phoenix Delray (17. august 2008). [www.articlesbase.com/art-and-entertainment-articles/the-history-of-memphis-blues-music-489628.html The history of Memphis blues music]. Vitja 8. september 2008.
  35. 35,0 35,1 Garofalo, s. 47
  36. Hawkeye Herman, General background on African American Music, Blues Foundation, Essays: What is the blues?http://www.blues.org/blues/essays.php4?Id=3
  37. Clarke, s. 137
  38. Piero Scaruffi (2003). Kansas City: Big Bands. Vitja 8. september 2008.
  39. Garofalo, s. 76
  40. Piero Scaruffi (2005). A brief history of Blues Music. Vitja 8. september 2008.
  41. Piero Scaruffi (2003). A brief history of Rhythm'n'Blues. Vitja 8. september 2008.
  42. Piero Scaruffi (1999). Howlin' Wolf. Vitja 8. september 2008.
  43. Piero Scaruffi (1999). Muddy Waters. Vitja 8. september 2008.
  44. Piero Scaruffi (1999). Willie Dixon. Vitja 8. september 2008.
  45. Piero Scaruffi (1999). Jimmy Reed. Vitja 8. september 2008.
  46. Piero Scaruffi (1999). Elmore James. Vitja 8. september 2008.
  47. Piero Scaruffi (2003). J. B. Lenoir. Vitja 8. september 2008.
  48. Lars Bjorn, Before Motown, 2001, University of Michigan Press, ISBN 0-472-06765-6, s. 175
  49. A Short Blues History. History of Rock. Vitja 8. september 2008.
  50. Garofalo, s. 224–225
  51. History of heavy metal: Origins and early popularity (1960s and early 1970s) (18. september 2006). Vitja 8. september 2008.
  52. Blues. Encyclopedia of Chicago. Vitja 8. september 2008.
  53. C. Michael Bailey (4. oktober 2003). West Side Chicago Blues. All about Jazz. Vitja 8. september 2008.
  54. Jan Erik Vold i Dag og Tid 26.8.2011
  55. Stephen Martin (3. april 2008). Malaco Records to be honored with blues trail marker. Mississippi development authority. Vitja 8. september 2008.
  56. Piero Scaruffi (2005). The History of Rock Music: 1976-1989, Blues, 1980-81. Vitja 8. september 2008.
  57. Blues Babies.741.com
  58. Jennifer Nicole (2005). The Blues: The Revolution of Music. Vitja 8. september 2008.
  59. The Influence of the Blues on Jazz. Vitja 8. september 2008.
  60. The Blues Influence On Rock & Roll. Vitja 8. september 2008.
  61. History of Rock og Roll. Zip-Country Homepage. Vitja 8. september 2008.
  62. Country music (2007-2008). Vitja 8. september 2008.
  63. SFGate

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Blues