Sorbet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bringebærsorbet i glas.
Sorbet er ein frosen matrett som vert nytta både som kvilerett og dessert. Den vanlegaste måten å laga sorbet, er med sukkerlake, smak (frukt-/bærpuré, champagne, sitron eller anna) og eggekvite. Resultatet vert best dersom sorbeten vert laga i ismaskin. Har ein ikkje ismaskin, kan sorbeten frysast i fryseboks. Då må han rørast i tidt under innfrysing, for å unngå at han krystalliserer seg.
Segna fortel at keisar Nero i det andre hundreåret sende slavar til fjells for å henta snø, som vart blanda med honning eller vin.
Det blir i dag laga sorbet med smak av det meste, frå tradisjonell sitron til meir uventa bacon.