Nero av Romarriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nero

Keisar av Romarriket
Periode13. oktober 54-6. juni 68
Fødd15. desember 37
FødestadAntium
Død6. juni 68
DødsstadRoma
MorAgrippina den yngre
FarGnaeus Domitius Ahenobarbus, Claudius I av Romarriket
Ektefelle 
  1. Octavia
  2. Poppaea Sabina
SambuarClaudia Acte
BarnClaudia Augusta
FøregangarClaudius I av Romarriket
EtterfølgjarGalba av Romarriket

Nero, Nero Claudius Cæsar Augustus Germanicus, fødd Lucius Domitius Ahenobarbus den 15. desember 37 og død 6. juni 68, var romersk keisar frå 13. oktober 54. Segnene omtalar Nero som ein tyrann og ein libertinar, og han er kjend som keisaren som "spela medan Roma brann", og ein tidleg forfølgjar av dei kristne. Desse forteljingane skriv seg frå Tacitus, Svetonius og Cassius Dio. Men andre samtidskjelder nemner at Nero i røynda var svært folkekjær i levetida si. Som son av keisar Claudius I av Romarriket si siste kone Agrippina d.y. og hennar fyrste ektemann, Cnaeus Domitius Ahenobarbus, var han den femte og siste i keisardynastiet starta av Augustus. Han vart adoptert av grandonkelen Claudius og vart dermed arving i år 50. Nero var den femte og siste keisaren frå den julisk-claudiske ætta. Han tok over trona som Nero Claudius Caesar Drusus etter at Claudius var daud 13. oktober 54.

Den første delen av keisartida hans var prega av stabilitet og velstand, mykje takka vera rådgjevarane hans, som filosofen Seneca. Men Nero sette i gang mange kostbare byggeprosjekt som etter kvart førte til økonomisk krise.

I år 62 skilde Nero seg frå kona Octavia, som han seinare skal ha fått myrda, og gifta seg med Poppaea Sabina.

Bybrannen i Roma i år 64 blei skulda på dei tidlege kristne, som blei forfølgde. Etter at brannen var sløkt blussa han opp igjen i eit område eigd av Tigellinus, ein rådgjevar til Nero. Tacitus insinuerte på grunn av dette at den andre og verre fasen av brannen var blitt starta etter ordre frå Nero. Seinare er det òg blitt sagt at Nero spelte fiolin under brannen.

Nero & Agrippina II myntet 54 e.Kr.

I 66 la Nero tittelen Imperator til namnet sitt. Riket kom i opprør på grunn av dei økonomiske problema. Etter at folket hadde reiste seg i år 68 og det romerske senatet avsettte han. Han rekna med at senatet ville avretta han, og tok difor livet sitt med hjelpa til skrivaren sin. Han vart etterfylgd av dei såkalla revolusjonskeisarane: Galba, Otho og Vitellius.