Sotra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sotra
Fjordlandskap på Sotra. Foto: Frode Inge Helland
Fjordlandskap på Sotra.

Foto: Frode Inge Helland

Geografi
Norway - Sotra.png
Stad Midhordland
Koordinatar 60°16′N 05°03′EKoordinatar: 60°16′N 05°03′E
Areal 264 km²
Høgaste punkt Liatårnet (341 moh.)
Administrasjon
Land Noreg
Fylke Hordaland
Største busetnad Ågotnes (1415 innb.)
Demografi
Folketal 27 000
Folketettleik 110 /km²

Sotra er ei øy vest for Bergen i Hordaland fylke. Ho er 246 km² stor og har om lag 27 000 innbyggjarar. Den nordlege delen av øya høyrer til Fjell kommune, medan den sørlege halvdelen av øya høyrer til Sund kommune. På folkemunne famner ofte nemninga Sotra også om øyane Bildøy og Litle-Sotra. I nord grensar Sotra til øyane Turøy og Misje rett sørom kommunegrensa mot Øygarden kommune, den nordlege halvdelen av øya høyrer til Fjell kommune.

Ei dansk omskriving – Sartor – har tidlegare vore i bruk. Dette namnet vert i dag berre brukt av enkelte firma på Sotra (Sartor Storsenter, Sartor Maskin AS og Sartor Skytterlag).

Liatårnet er det høgaste fjellet på Sotra med ei høgd på 341 meter over havet. Eit anna fjell er Gardafjellet.

Utsikt frå Liatårnet nordover mot Nessjøen, Møvik og skjærgården utanfor.
Foto: Frode Inge Helland

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]