Space Invaders

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk


Ein kornete alien brukt på konserten Video Games Live.

Space Invaders (スペース インベーダー Supēsu Inbēdā?) er eit av dei mest kjende arkadevideospela, designa av Tomohiro Nishikado og utgjeve i 1978. Det var opphavleg produsert og selt av Taito i Japan, og blei seinare godkjent for produksjon i USA av Midway-avdelinga i Bally. Space Invaders er eit av dei tidlegaste skytespela, der målet er å nedkjempe bølgjer av romvesen med ein laserkanon og tene så mange poeng som mogleg. I utforminga av spelet henta Nishikado inspirasjon frå Breakout, The War of the Worlds og Star Wars. For å fullføre spelet måtte han utforme tilpassa maskinvare og utviklarverktøy.

Spelet var ein av forgjengarane til moderne videospel og bidrog til å utvide spelebransjen til ein global industri. Då Space Invaders vart lansert var det særs vellukka.

Spelet har vore inspirasjon for andre videospel, utgjeve på nytt til ei rekkje plattformer, og førte til fleire oppfølgjarar. Atari 2600-versjonen frå 1980 firedobla systemet sitt sal og blei den første «killer app» for spelekonsollar. 2D-spelet er referert til og parodiert i fleire tv-seriar, og har vore ein del av fleire videospel og kulturelle utstillingar. Den kornete fiende-romvesenet har blitt eit pop-kulturelt ikon, ofte brukt som eit synekdoke som representerer videospel som ein heilskap.

Spel[endre | endre wikiteksten]

Oppfølgjarar[endre | endre wikiteksten]

Spin-off[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.