Star Wars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Strategic Defense Initiative.
Star Wars-logoen.

Star Wars er ein filmserie på seks filmar skapt av George Lucas, manusforfattar, filmregissør og filmprodusent.

Serien starta i 1977, då den fyrste filmen vart vist for fyrste gong under namnet Star Wars. Sidan den gong har filmane skapt eit heilt univers av biprodukt, frå diverse leiketøy til eit utal bøker, teikneseriar, tv-seriar og anna. I 2005 rekna Forbes Magazine totalfortenesta frå Star Wars-konseptet til 20 milliardar amerikanske dollar. Dermed er Star Wars den største suksessen i filmbransjen nokon gong.

I oktober 2012 vart det annonsert at det skal kome ut ein tredje Star Wars-trilogi, der den fyrste vil kome ut i 2015.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Filmane blir ikkje fastsette i tid, og det einaste hintet ein får til kva tid filmane finn stad er opningslinja, som kjem att i alle filmane: «A long time ago, in a galaxy far, far away...». Men om dette skal tolkast som at filmane finn stad for lenge lenge sidan, eller om det snarare er ein allusjon til den klassiske opningslinja i eventyr, «Det var ein gong, i eit land langt, langt borte …» er usikkert. Frå filmselskapet har ein ikkje fått noko meir informasjon.

Sjølve handlinga utspelar seg over meir enn 25 000 år, men sjølve filmane utspelar seg over berre to generasjonar.

Stadsmessig sett er filmen heller ikkje fastsett. Handlinga utspelar seg innanfor ein galakse, og storparten av galaksen er med. I heile Star Wars-universet er det berre éin rase, Yuuzhan Vong-ane, som kjem frå ein annan galakse (desse finst berre i bokserien New Jedi Order). Det som kan seiast om filmane er at dei tre fyrste viser eit skite og nedslite miljø, noko som er atypisk for science fictionfilmar. De tre siste filmane er sette i eit reint, elegant og futuristisk miljø, meir i tråd med hovudparten av science fiction-filmar. I intervju har George Lucas fortalt at dei smurde nye rekvisittar med gjørme og skit for å få dei til å sjå utslitne ut, ein utsjånad han skildra som «a used future» (ei brukt framtid). Det kan spekulerast i om Lucas vart inspirert av Sergio Leone, som i 1960-åra gjorde mykje det same i Westernsjangeren. Lucas si «used future» kan ha hatt stor påverknad på cyberpunksjangeren.

Karakterar[endre | endre wikiteksten]

  • Luke Skywalker er hovudkarakteren, ein gut som bur hos tanta og onkelen sin.
  • Han Solo
  • Prinsesse Leia
  • Darth Vader

Filmane[endre | endre wikiteksten]

(Dei nynorske namna er ikkje offisielt lanserte namn, men berre direkte omsetjingar av dei engelske titlane.)

Handlinga i filmane[endre | endre wikiteksten]

Vista-error.png Åtvaring: Detaljar om innhaldet i boka eller filmen blir avslørt i dette avsnittet.

For meir informasjon og detaljar, sjå sidene om kvar av filmane.

I episode I, II og III følgjer vi Anakin Skywalker, ein ung gut, frå ein audmjuk barndom som slave på ørkenplaneten Tatooine, gjennom opplæringa i å bruke Krafta og i jedidoktrine som ein ung og lovande jedielev, og til han går over til den mørke sida av Krafta og vert omdanna til den fryktsinngytande Darth Vader. Denne omdanninga vert igangsett av den vonde sithfyrsten Darth Sidious. Sidious overtalar handelsføderasjonen til å invadere og okkupere den fredelege planeten Naboo. Dermed vert Sisious vald til ny erkekanslar for galakserepublikken, forkledd som Senator Palpatine, senator for Naboo. Frå sin nye posisjon startar Sidious Klonekrigane, ein konflikt mellom galakserepublikken og ei opprørsrørsle, Konføderasjonen av uavhengige system, som også vert kontrollerte av Sidious gjennom sin nestkommanderande, eks-jedien Darth Tyrannous. Etter at opprørarane vert slegne og jediordenen nesten totalt utrydda, erklærer Sidious seg til keisar over det nyskapa Galaktiske keisardømmet.

Episode IV, V og VI omhandlar son til Anakin, Luke Skywalker. Luke, som veks opp på Tatooine hjå onkelen Owen og tanta Beru, forlèt Tatooine for å søkje eventyr og spaning, og endar opp i Opprøraralliansen, som kjempar for å vinne over det vonde sithkeisardømet. I likskap med faren trenar Luke i jedievnene, under Meister Yoda, den siste overlevande jedien frå den gamle republikken. Luke lever i den trua at faren vart drepen av Darth Vader, og når han oppdagar sanninga, trekkjer han alt han trur på og kjempar for i tvil. Luke motstår Darth Vader og Keisar Palpatine sine forsøk på å omvende han til den mørke sida av krafta, og omvender Vader til den gode sida, samstundes som Opprøraralliansen knuser masseøydeleggingvåpenet Death Star, der Palpatine døyr, og keisardømet bryt saman.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Star Wars
Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Star Wars