Spandau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart

Spandau er ein bydel i Berlin, og ligg hovudsakleg ved den vestre breidda til elva Havel med grense mot forbundstaten Brandenburg, landkrinsen Havelland og byen Potsdam.

I det delte Berlin etter 1945 høyrde Spandau til den britiske sektoren, og var fram til 1990 ein del av Vest-Berlin. Fram til 1920 hadde Spandau vore ein eigen bykommune, og framleis kjenner mange innbyggjarar ein sterkare identitet med Spandau enn med Berlin. Etter den andre verdskrigen oppretta sigersmaktene Spandau-fengslet der krigsforbrytarar sat.

I Spandau er Zitadelle Spandau og Rathaus Spandau sjåverdige bygningar.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Linje Stasjon
U7 Rathaus Spandau
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Spandau
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.