Havel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Havel
Havel ved Phöben
Havel ved Phöben
Utspring Mecklenburg-Vorpommern
- Høgd 63 m
Munning Elbe
Land i nedslagsfelt Tyskland Tyskland
Lengd 325 km
Middelvassføring 108 m³/s
Nedslagsfelt 24 096 km²

Havel er ei elv i Tyskland og ei av dei store sideelvane til Elbe frå høgre med ei lengd på 325 km. Elva renn gjennom Mecklenburg-Vorpommern, Brandenburg, Berlin og Sachsen-Anhalt, og via Oder-Havel-kanalen knyter ho Oder til Berlin og Elbe.

Ho har sitt utspring i Mecklenburg-Vorpommern mellom innsjøen Müritz og byen Neubrandenburg. Elva renn inn i Brandenburg nær Fürstenberg. I den øvre delen av elva og mellom Berlin og byen Brandenburg dannar elva fleire innsjøar. Den største sideelva hennar er Spree som renn ut i Havel i Spandau, ein vestleg bydel i Berlin, og fører med seg meir vatn enn Havel sjølv gjer. Den nest største sideelva er Rhin, som munnar ut i Havel i to greiner som er eit stykke frå kvarandre. Området rundt og nord for dei sentrale delane av Havel vert kalla Havelland. Det består av åsar av sand og lågt myrland. Dei siste kilometrane av Havel ligg i Sachsen-Anhalt og ho munnar ut i Elbe nær Havelberg.

I tidlegare tider levde slavarane kalla Havolane rundt elva Havel. Dei bygde fire viktige bruer, i Spandau, i Potsdam, i Brandenburg og i dei vestlege forstadane til denne byen.

Av byar langs elva finn ein: Zehdenick, Oranienburg, Berlin, Potsdam, Werder, Brandenburg, Premnitz, Rathenow og Havelberg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Havel

Kjelde[endre | endre wikiteksten]