Spansketrappa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Spansketrappa

Spansketrappa er ei trapp i Roma som vart bygd i 1725 under leiing av Francesco de Sanctis, etter ein idé av Giovanni Lorenzo Bernini. Ho er eit monumentalt syn og ein sterk turistmagnet. Trappa er forma som ei litt skeiv sløyfe og er ein populær samlingsstad for både turistar og lokale innbyggjarar. På dagtid er trappa fylt av meir eller mindre pågåande gateseljarar. På kveldstid samlar ungdom seg der for prat, litt gitarspel eller rett og slett for å sverme.