Giovanni Lorenzo Bernini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Giovanni Lorenzo Bernini – Sjølvportrett (1630–1635). Galleria Borghese i Roma.

Giovanni Lorenzo Bernini (Gian Lorenzo Bernini), (7. desember 159828. november 1680) i Roma, var ein italiensk bilethoggar, arkitekt, målar og scenedekoratør i barokken.

Oppvekst og tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Bernini var fødd i Napoli, og var far til skulptøren Pietro Bernini. År 1605 flytta familien Bernini til Roma, der Pietro fekk i oppdrag å utføre eit stort relieff for basilikaen Santa Maria Maggiore som viste Maria møy si himmelferd. Kardinal Scipione Borghese likte kunsten til Pietro, og tok seg av familien og bestilte kunst frå Pietro. Pietro gjorde kardinalen merksam på den bråmodne sonen sitt talent.

Roma var dei første tiåra av 1600-talet eit sentrum for kunstnarleg verksemd. Den klassiske arven vart teken vare på av mellom anna Annibale Carracci, medan dei byrjande realistiske og naturalistiske straumdraga vart drivne fram av Caravaggio og etterfølgjarane hans.

Filippo Baldinucci, som i 1682 publiserte den første biografien om Bernini, Vita del Cavaliere Gio Lorenzo Bernini, skriv at Giovanni Bernini laga første skulpturen i åtte års-alderen. Baldinucci seier at han førestilte eit barnehovud, og skulle ha imponert alle. [1]

Giovanni Lorenzo Bernini – Byste av biskop Giovanni Battista Santoni (cirka 1612). Santa Prassede, Roma.

Bernini fekk den grunnleggjande opplæringa i faren sin verkstad, der han særleg følgde arbeidet med relieffet til Santa Maria Maggiore. I 1605 steig Paul Vpavestolen, og i følgje Baldinucci skal den unge Bernini eit par år seinare, om lag i år 1611, ha teikna apostelen Paulus. Paven vart så overvelda av teikninga at han gav kardinalen Maffeo Barberini i oppdrag å overvake den kunstnarlege utdanninga til ynglingen. Den første skulpturen av Berninis som kan daterast, vart laga anten i 1611 eller 1612. Denne skulpturen, Geita Amalthea ammar barnet Jupiter og ein satyr, er prega av inspirasjonen frå hellenistisk skulptur.

Omkring 1611–13 laga Bernini to skulpturar over putto-temaet; Putto leikar med ein drake og Putto biten av ein delfin. Denne tematikken bygde på eit populært skulpturmotiv frå renessansehagane, etter ein tradisjon starta av Donatello og vidareutvikla av Andrea del Verrocchio. To byster som ein før meinte var av uklart opphav, har etter grundige stilanalysar vorte tilskrivne den unge Bernini og høyrer dermed til den tidlege perioden hans. Dei viser Giovanni Battista Santoni, død 1592, som var biskop av Tricarico, og den framståande kirurgen Antonio Coppola, død 1612, som arbeidde ved det florentinske sjukehuset i Roma. Ein trur at begge bystene vart laga ca 1612. Berninis tidlege utvikling som skulptør vart avslutta kring om 1616.

Dei store skulpturpppdraga[endre | endre wikiteksten]

Giovanni Lorenzo Bernini – "Den heilage Teresas ekstase" (1647–52)
Giovanni Lorenzo Bernini – "Salige Ludovica Albertoni" (1671–1674). San Francesco a Ripa, Roma.

Frå kardinal Borghese fekk Bernini bestilling på fire skulpturgrupper til villaen sin på Kvirinalhøgda. Den fyrste, Aeneas, Anchises og Ascanius (1618–19), skildrar Aeneas som på skuldrane sine ber den gamle blinde faren sin, Anchises, vekk frå det brennande Troja. Jamsides Aeneas går sonen hans, Ascanius, og ber den heilage elden. I skulpturen ser ein påverknaden frå manierismen, særskilt i den spiralforma komposisjonen og dei uproporsjonalt lange armane og føtene.

Med den andra skulpturgruppa, Pluto og Proserpina (1621–22), framstiller Bernini Plutos dramatiske bortføring av Proserpina. Den fortvila Proserpina prøver forgjeves å fri seg or Plutos faste grep. Truleg var Bernini her inspirert av Giambologna sin skulptur Sabinskornas bortrövande frå 1580-talet.

Apollon og Dafne (1622–25) viser påverknad frå antikkens skulptur, særleg frå Apollo di Belvedere, ein romersk kopi av ein gresk bronseskulptur frå cirka 320 f.Kr. Bernini viser i denne skulpturen sin tekniske virtuositet, og si evne til å meisle og slipe kvit marmor om til ein skapning med kroppshol, hår og draperingar. Bernini har fanga augneblinken då den vakre nymfa Dafne, jaga av den amorøse Apollon, vert omvandla til eit laurbladtre.

Den siste av kardinal Borgheses bestillingar, David (1623–24), viser den unge kong David som med djervskap og energi gjer slynga klar framfor møtet med den filisteiske risen Goliat. Med samanpressa lepper gjer David seg klar til strid.

Under paven Urban VIIIs pontifikat (1623–44) var Bernini Romas mest bestilte kunstnar. Han fullførte, saman med assistentane og elevane sine, ei stor mengde oppdrag i Peterskyrkja, mellom anna den 30 meter høge baldakinen rundt høgalteret.

I juli 1650 fekk Bernini i oppdrag å lage ei byste som skulle forestille hertugen av Modena, Francesco I d'Este. Trass i at Bernini aldri trefte hertugen, men einast hadde eit måla portrett som grunnlag for bysta, lukkast han å mane fram nærværet av ein heil gestalt, sjølv om bysta berre består av hovud og armlause skuldrar.[2] Særskilt vellukka er den dramatiske utforminga av draperinga og hertugen sine hårlokkar.

Den heilage Teresas ekstase (1647–52) i Cornaro-kapellet i kyrkja Santa Maria della Vittoria på Kvirinalhøgda vert rekna for å vere Berninis skulpturelle meisterverk. Skulpturen førestiller den spanske karmelitthelgenen Teresa av Ávila i meditativ ekstase. Ein engel skal nett ta til å gjennombore hjartet hennar med den guddomlege kjærleikens pil. I Cornaro-kapellet fører Bernini skulptur, arkitektur, freskomåleri og stukkatur saman i ein vakkert tilmåta heilskap.

På sine eldre dagar laga Bernini skulpturen Salige Ludovica Albertoni (1671–74), plassert i kyrkja 'San Francesco a Ripa' i Trastevere.

Nyskaping innan skulpturen[endre | endre wikiteksten]

Bernini nytta i stor utstrekning farge og lys til å framheve sine skulpturelle verk. Polykrom marmor hadde tidlegare vore sparsamt brukt i europeisk skulptur, men mot slutten av 1500-talet kom den polykrome marmoren på mote innan bystskulpturen; ein kombinerte kvite marmorhovud og fleirfarga overkroppar. Bernini sjølv skal ha uttala at å formidle inntrykket av fargeeffekt i den kvite marmoren, var det vanskelegaste for ein skulptør.[3]

Cappella Cornaro, Santa Maria della Vittoria. Anonymt måleri frå 1700-talet

I Berninis gravmonument over paven Urban VIII i Peterskyrkja er den polykrome ansatsen særs tydeleg. Det kan samanliknast med det tidlegare monumentet over Paul III av Guglielmo della Porta. Bernini skaper i sitt monument eit skarpare skilje mellom dei kvite og dei mørke innslaga. Dei delane av gravmonumentet som er knytt direkte til den døde paven er laga i mørk, delvis forgylt bronse. Dei allegoriske skulpturane over Kjærleiken og Rettferda, som flankerer sarkofagen, er hogd i kvit marmor og er ein sterk kontrast mot den mørke bronsestatuen av paven.

Samspelet mellom ulike fargetema er særskilt påtakeleg i Berninis skulpturelle meisterverk Den heilage Teresas ekstase (1647–52) i Cornaro-kapellet i kyrkja 'Santa Maria della Vittoria'. Kontrasten er sterk mellom sjølve skulpturgruppa i kvit marmor, engelen som er i ferd med å gjennombore Teresas hjarte med den guddomelege kjærleikens pil, og dei ved sida i par oppstilte marmorkolonnane. Opptrinet finn stad under eit veldig skylag, og mot ein bakgrunn av regnbogeskinande alabast. Skulpturen vert opplyst av lys frå ein lyskastar og av dagslys frå eit vindauge duld bak om eit pediment. Høgre oppe i kapellet er fargeskjemaet lyst, og i takkvelven ser ein himmelen opne seg, derifrå skin det guddomlege lyset.

Med sin nyskapande bruk av farge og lys la Bernini grunnen til ei ny utvikling av den europeiske skulpturkunsten. Seinare romerske og norditalienske, og fram om alt austerrikske og tyske, skulptørar fann stor inspirasjon i dei nyskapande skulpturane av Bernini.

Arkitekten Bernini[endre | endre wikiteksten]

Giovanni Lorenzo Bernini – Fasaden til kyrkja Santa Bibiana (1624)

Berninis fyrste oppdrag som arkitekt gjekk ut på å utforme ein ny fasade til basilikaen 'Santa Bibiana' aust i Roma. Relikviane etter Bibiana, mor hennar Dafrosa og syster Demetria, hadde då vore forsvunne i lang tid. Dei vart attfunne i 1624, og Urban VIII emna på å feire dette med å renovere kyrkja. Bernini fekk attåt i oppdrag å lage ein statue som skulle forestille den heilage Bibiana.

Kyrkja som Bernini var mest nøgd med, er 'Sant'Andrea al Quirinale' (1658–71) på Kvirinalhøgda.[4] Kyrkja har eit ganske enkelt eksteriør, men eit overdådig interiør med mellom anna forgylt stukkatur og polykrom marmor. Ein skulptur som forestiller apostelen Andreas synest sveve ovan om høgaltaret. Den rike kardinalen Camillo Pamphili kosta kyrkja for jesuittane sitt novitiatshus. Bernini teikna også to kyrkjer i Castelli Romani sør for Roma, San Tommaso da Villanova i Castel Gandolfo og Santa Maria Assunta i Ariccia. San Tommaso har eit grunnplan forma som ein gresk kross, medan grunnplanet i Santa Maria Assuntas er sirkulært.

Petersplassen sett frå kuppelen på Peterskyrkja

Mellom Berninis profane arkitektur er fasaden til 'Palazzo Barberini', og paradetrappa 'Scala Regia' som frå portalen på Peterskyrkja leier inn til Vatikanet. Berninis mest storslagne arkitektoniske verk er likevel den ellipseforma Petersplassen, fullført 1667, med sine firedobla kolonnader. Pave Aleksander VII gav Bernini i oppdrag å teikne plassen som ein storslagen forgard til kyrkja, men han måtte formast slik at så mange menneske som mogleg skulle kunne sjå paven gje si velsigning frå velsigningsloggiaen, eller frå eit vindauge i Vatikanpalasset. Piazzaens vidstrakte kolonnader er ei omfamning av dei truande.

Bernini forma også ein del fontener i Roma. Fremst mellom desse er 'Fontana dei Quattro Fiumi' på Piazza Navona og 'Fontana del Tritone' på Piazza Barberini.

Målaren Bernini[endre | endre wikiteksten]

For Bernini var måling eit bierverv, og han påtok seg aldri noko større oppdrag. Dei fleste av Berninis måleri kan daterast til 1620- og 1630-talet. Dess fleire bestillingar Bernini fekk i skulptur og arkitektur, desto mindre tid kunne han bruke på måleri. Dei fremste oppdragsgjevarane i Roma, slike som paven, kardinalar og adelsfamiliar, let Bernini få i oppgåve å utføre freskomåleri, og han hyra då assistentar. Bernini laga skisser som mellom andre Carlo Pellegrini og Guido Ubaldo Abbatini nytta medan dei utførde arbeidet. Sistnemnde blanda i Cappella Pio i kyrkja Sant'Agostino stukkatur og freskomåleri etter Berninis design på eit innovativt vis. I Cornaro-kapellet i 'Santa Maria della Vittoria' vart Berninis skulptur og arkitektur sameina med Abbatinis måleri, for slik å danne ein storslagen syntese av fleire kunstartar.

Bernini i Paris[endre | endre wikiteksten]

Bernini fekk i 1664 ein invitasjon av Jean-Baptiste Colbert for på kong Ludvig XIVs rekning å omstrukturere Louvre. Året etter reiste Bernini til Paris og la snart fram teikningar til ein ny austfasade. Berninis utkast viser eit konvekst midtparti som korresponderer med ei aksialt plassert oval vestibyle og ein to etasjar høg paradehall. Den øvste etasjen med runde vindauge vert framheva av parvis oppstilte pilastrar og har mellom anna franske liljer som dekorativt motiv. Det konvekse midtpartiet vert knytt til flyglarna av konkave sideparti. Bernini utviklar i dette utkastet temaet frå kyrkja Sant'Andrea al Quirinale som han hadde påbyrja 1658. Eksteriøret oppviser ein tydeleg vekselverknad mellom konvekse og konkave former.

Berninis forslag til Louvres austfasade fall ikkje i smak hos franskmennene, og oppdraget gjekk i staden til den franske arkitekten Claude Perrault.

Skulpturale verk (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Byste av Pietro Bernini (cirka 1612) - marmor
  • Geten Amalthea dier barnet Jupiter og en satyr (cirka 1612) - marmor, Galleria Borghese, Roma
  • Monsignore Giovanni Battista Santonis gravmonument (cirka 1612) - marmor, Santa Prassede, Roma
  • Byste av Antonio Coppola (1612) - marmor, San Giovanni dei Fiorentini, Roma
  • Sankt Laurentius martyrium (1615) - marmor, La Meridiana, Palazzo Pitti, Firenze
  • To putti som kranglar med ein faun (cirka 1616–1617) - marmor, Metropolitan Museum of Art, New York
  • Sankt Sebastians martyrium (cirka 1617) - marmor, Thyssen-Bornemisza Foundation, Madrid
  • Byste av Camilla Barberini (1618) - marmor, Statens Museum for Kunst, København
  • Aeneas, Anchises og Ascanius (1618–1619) - marmor, Galleria Borghese, Roma
  • Byste av Giovanni Vigevano (cirka 1618–1620) - marmor, Santa Maria sopra Minerva, Roma
  • Neptun og Triton (1620) - marmor, Victoria and Albert Museum, London
  • Byste av Monsignore Pedro de Foix Montoya (cirka 1621) - marmor, Santa Maria di Monserrato, Roma
  • Pluto og Proserpina (1621–1622) - marmor, Galleria Borghese, Roma
  • Byste av Antonio Cepparelli (1622) - marmor, San Giovanni dei Fiorentini, Roma
  • Kardinal Roberto Bellarminos gravmonument (1622) - marmor, Il Gesù, Roma
  • Apollo og Daphne (1622–1625) - marmor, Galleria Borghese, Roma
  • David (1623–1624) - marmor, Galleria Borghese, Roma
  • Sankta Bibiana (1624–1626) - marmor, Santa Bibiana, Roma
  • Baldacchino ("baldakinen") (1624–1633) - forgylt bronse, Peterskyrkja
  • Fontana del Tritone (1624–1643) - travertin, Piazza Barberini, Roma
  • Urban VIII's gravmonument (1627–1647) - forgylt bronse og marmor, Peterskyrkja
  • Sankt Longinus (1631–1638) - marmor, Peterskyrkja
  • Byste av Scipione Borghese (1632) - marmor, Galleria Borghese, Roma
  • Byste av Costanza Bonarelli (1637–1638) - marmor, Museo Nazionale del Bargello, Firenze
  • Byste av Thomas Baker (1638) - marmor, Victoria and Albert Museum, London
  • Alessandro Valtrinis epitafium (1639) - marmor, San Lorenzo in Damaso, Roma
  • Ippolito Merendas epitafium (1640–1641) - marmor, San Giacomo alla Lungara, Roma
  • Ærverdige Maria Raggis epitafium (1643) - forgylt bronse og polykrom marmor, Santa Maria sopra Minerva, Roma
Berninis familiegrav, Santa Maria Maggiore, Roma
  • Sanninga (1645–1652) - marmor, Galleria Borghese, Roma
  • Den heilage Teresas ekstase (1647–1652) - marmor, Cappella Cornaro, Santa Maria della Vittoria, Roma
  • Fontana dei Quattro Fiumi (1648–1651) - travertin og marmor, Piazza Navona, Roma
  • Byste av Innocentius X (cirka 1650) - marmor, Galleria Doria Pamphili, Roma
  • Keisar Konstantins visjon (1654–1670) - marmor, Scala Regia
  • Habackuk og engelen (1655–1661) - marmor, Cappella Chigi, Santa Maria del Popolo, Roma
  • Cathedra Petri (1657–1666) - marmor, bronse og stukk, Peterskyrkja
  • Sankta Maria Magdalena (1661–1663) - marmor, Duomo, Siena
  • Sankt Hieronymus (1661–1663) - marmor, Duomo, Siena
  • Engelen med tornekrona (1668–1671) - marmor, Sant'Andrea delle Fratte, Roma
  • Engelen med overskriften (1668–1671) - marmor, Sant'Andrea delle Fratte, Roma
  • Byste av Gabriele Fonseca (1668–1675) - marmor, San Lorenzo in Lucina, Roma
  • Byste av Ludvig XIV (1665) - marmor, Musée National de Versailles, Versailles
  • Alexander VII's gravmonument (1671–1678) - marmor og forgylt bronse, Peterskyrkja
  • Salige Ludovica Albertoni (1671–1674) - marmor, Cappella Altieri-Albertoni, San Francesco a Ripa, Roma
  • Altaroppsats med englar (1673–1674) - marmor og bronse, Cappella del Santissimo Sacramento, Peterskyrkja

Fontener (utval)[endre | endre wikiteksten]

Byggverk (utval)[endre | endre wikiteksten]

Målingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Giovanni Lorenzo Bernini – "Sankt Andreas og Sankt Tomas" (cirka 1627). National Gallery, London.

Kuriosa[endre | endre wikiteksten]

Tilvisingar[endre | endre wikiteksten]

  1. Baldinucci sitert av Avery, a.a., s. 19
  2. Avery, a.a., s. 92
  3. Wittkower, Rudolf, Art and architecture in Italy 1600–1750, s. 157
  4. Magnuson, a.a., vol. 2, s. 202

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Artikkelen byggjer på ei omsetjing frå svenske Wikipedia.

  • Delar av den svenske artikkelen er omsett frå spanske Wikipedia 23 juni 2006
  • Delar av den svenske artikkelen er omsett frå engelske Wikipedia den 17 november 2005
  • Avery, Charles, Bernini: Genius of the Baroque. London: Thames & Hudson 1997.
  • Magnuson, Torgil, Rome in the Age of Bernini. 2 vol. Stockholm: Almqvist & Wiksell International 1982–1986.
  • Wittkower, Rudolf, Art and architecture in Italy 1600–1750. 6th ed. New Haven: Yale University Press 1999.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bernstock, Judith E., "Bernini's Memorials to Ippolito Merenda and Alessandro Valtrini", Art Bulletin, LXIII, 1981
  • Blunt, Anthony, "Gianlorenzo Bernini: Illusionism and Mysticism", Art History, I, 1978
  • Borsi, Franco, Bernini architetto. Milano: Electa 1980
  • Fagiolo Dell'Arco, Maurizio, L'immagine al potere: vita di Giovan Lorenzo Bernini. Bari: Laterza 2001
  • Fagiolo dell'Arco, Maurizio & Fagiolo dell'Arco, Marcello, Bernini: una introduzione al gran teatro del barocco. Roma: Bulzoni 1967
  • Hibbard, Howard, Bernini. London: Penguin Books 1990
  • Lavin, Irving, Bernini and the Unity of the Visual Arts. New York: Pierpont Morgan Library 1980
  • Lavin, Irving, "Five New Youthful Sculptures by Gianlorenzo Bernini and a revised chronology of his early works", Art Bulletin, L, 1968
  • McPhee, Sarah, Bernini and the bell towers: architecture and politics at the Vatican. New Haven, Connecticut: Yale University Press 2002
  • Marder, Tod A., Bernini and the art of architecture. New York: Abbeville Press 1998
  • Montagu, Jennifer, Roman Baroque Sculpture: Industry of Art. Boston: Yale University Press 1992
  • Portoghesi, Paolo, Roma barocca: the history of an architectonic culture. Cambridge, Massachusetts: MIT Press 1970
  • Wittkower, Rudolf, Bernini: the Sculptor of the Roman Baroque. Milano: Electa 1990

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Giovanni Lorenzo Bernini