Sparebank

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein sparebank er ein bank som er organisert som ein sjølveigande institusjon, det vil seie utan nokon eigar. Dette til forskjell frå ein forretningsbank organisert som eit aksjeselskap, og altså med aksjonærane som eigarar. Sjå liste på sida Bankar i Noreg.

Sparebankar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Sparebankane i Noreg er regulert av Sparebanklova av 24. mai 1961 nr. 1. Lova og tilhøyrande forskrifter gir alle naudsynte reglar for skiping, styring og drift av ein sparebank, så som reglar om eigenkapital, val av styringsorgan, rekneskap mv. Ein må ha konsesjon for å starte ein sparebank, og sparebankane står under tilsyn av Finanstilsynet.

29. juni 1822 blei Christiania Sparebank, som seinare har blitt Sparebanken NOR, skipa i Garmanngården i Rådhusgaten 7, som den første sparebanken i Noreg. I løpet av dei neste 75 åra blei det oppretta sparebankar i dei fleste av kommunane i landet. Sparebankane spelte ei stor rolle for ei vidare utvikling av lokalsamfunna rundt om i landet. Dei oppdrog til sjølvstyre, sparing og eigenfinansiering, og ytte lån. Låna gjekk jamnast til privatkundar og primærnæringane, men også til all slags lokal verksemd, som industri, forretningsverksemd, kraftutbygging og anna. Utlåna blei for det meste finansiert ved innskota i banken.

I dag er skiljet mellom sparebankar og forretningsbankar blitt mindre. Ein grunn er at sparebankar no har høve til å skrive ut aksje-liknande grunnfondsbevis eller eigenkapitalbevis, der eigarane av desse både har rett til ei avkasting frå overskotet i sparebanken og rett til å velje representantar i sparebanken sine styrande organ. Som eit vidare steg på vegen har sparebankane også fått høve til å omdanne seg til aksjeselskap, aksjesparebank. Førebels er det likevel berre ein sparebank som har gjort dette, Gjensidige NOR Sparebank, fusjonert med Den norske Bank til DnB NOR.

Sparebankane har tradisjonelt hatt ei sterk lokal forankring, og målsetjinga i kommunane var gjerne å ha sin eigen lokale sparebank. Etter krigen var det om lag 600 sparebankar i Noreg. Dels som følgje av kommunesammenslåingar, men først og fremst fordi bankdrift etter kvart kravde breiare og større kompetanse, og fordi sparebankane hadde behov for å bli større for å kunne gje høgare lån til stadig større kundar, var det frå 1960-talet og rundt 25 år deretter ei lang rekkje fusjonar. I dag er det om lag 122[1] sparebankar i Noreg, av desse er det fleire store distriktssparebankar. Parallelt er det utvikla eit omfattande samarbeid særleg med omsyn til IT-drift og produktutvikling.

Det er i dag fire sparebankgrupper:

Alle sparebankane er organisert i Sparebankforeningen, som næringsorganisasjon.

Svært mange av forretningsbankane er blitt kjøpt opp av nordiske finanskonsern (Nordea, Fokus Bank, BN Bank mv). Dei 122 sparebankane er såleis den mest norskåtte delen av bankvesenet i Noreg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sparebanklova av 24. mai 1961 nr. 1 hos Lovdata

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Om Sparebankforeningen». Arkivert frå originalen 15. juli 2007. Henta 12. juni 2008.