Språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Programmeringsspråk.

Språk er eit (av fleire) teiknsystem som blir brukt til kommunikasjon. Det viktigaste kjenneteiknet på språk som system er at det er bygd opp av ei avgrensa (finitt) mengde einingar utan tyding som i sin tur kan setjast saman til ei ikkje-avgrensa (infinitt) mengde einingar med tyding. Dei tydingslause einingane tilsvarar språklydane (konsonantar og vokalar), og desse blir sette saman til ord og bøyingseiningar med tyding. Etter denne definisjonen er det, så vidt ein veit, berre menneska som har språk. Alle mentalt friske menneske har språk, og det primære uttrykket for språk er talespråk, men også døves teiknspråk er kjenneteikna av to nivå på same måte som menneskeleg talt språk. Ein kjenner derimot ikkje til kommunikasjonssystem hjå dyr som er kjenneteikna ved at ei avgrensa mengde tydingslause einingar kan setjast saman til ei uendeleg mengde tydingsberande einingar. Dyr kommuniserer difor ved hjelp av ikkje-språkleg kommunikasjon. Såkalla kroppsspråk, dvs. rørsler med kroppsdelar for medvite eller ikkje-medvite å uttrykka meining, har ikkje dei viktigaste kjenneteikna på språk, men er likevel kommunikative.

Alfabetiske og stavingsbaserte skriftspråk avspeglar menneskeleg talt språk og er bygde over same lest som dei. Bokstavane ber ikkje meining i seg sjølve og tilsvarar språklydane i talespråk. Bokstavane blir på same måte som språklydar sette saman til ord og bøyingseiningar med tyding. Symbolske skriftspråk har derimot ikkje den same todelinga som talespråk og alfabetiske skriftspråk - der vil kvart symbol i større grad direkte svara til bestemte ord.

Ulike språk[endre | endre wikiteksten]

Det er vanskeleg å seia kor mange ulike språk ein snakkar i verda, ettersom grensene mellom dei er svært vage. Alle språk har geografiske variasjonar, desse blir kalla dialektar. Men av og til er desse dialektane uforståelege for andre som snakkar språket. Kva som er eitt språk blir ofte definert historisk og politisk, eller som språkforskaren Max Weinreich sa: «Eit språk er ein dialekt med ein hær og ein marine.»

Språk endrar seg stadig, og dette forklarar kvifor det er så mykje variasjon mellom dei. Mange språk har visse trekk til felles fordi dei stammar frå eit urspråk. Mange språkforskarar trur at alle språk i verda opphavleg kjem frå det same urspråket, men det er svært vanskeleg å prova. Dersom ein kan seia sikkert at nokre språk har likt opphav, seier ein at dei høyrer til ein språkfamilie. Språk utan slike familiar vert kalla isolerte språk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Språk
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.