Spyker F1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nederland Spyker F1
Spyker F1.jpg
Fullt namn Etihad Aldar Spyker F1 Team
Hovudkvarter Silverstone, Northamptonshire, Storbritannia
Grunnleggjar(ar) Spyker
Kjende førarar Adrian Sutil
Christijan Albers
Markus Winkelhock
Sakon Yamamoto
Formel 1 karriere
Motorar Ferrari
Sesongar 2007
Løp 17
Debut Australia Australia Grand Prix 2007
Sigrar
Pole positions
Raskaste runde
Siste løp Brasil Brasil Grand Prix 2007

Spyker F1 var eit nederlandsk formel 1-lag som vart oppretta i 2006 ved oppkjøpet av det kortlevde formel 1-laget Midland F1 Racing. Spyker F1 deltok heile 2007 sesongen med sine oransje formelbilar, før laget vart seld for 88 millionar euro og skifta namn til Force India F1.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om laget vart oppretta i 2006, kan røtene åt laget sporast tilbake til 1991 då Jordan Grand Prix vart oppretta av forretningsmannen Eddie Jordan. Midland gruppa kjøpte i 2005 opp det britiske laget og fasilitetane ved Silverstone og gjekk sesongen 2006 som Midland F1 før laget vart kjøpt opp av nederlandske Spyker Cars N.V. ved slutten av sesongen.

Oppkjøpet av Midland F1[endre | endre wikiteksten]

Det nye Spyker MF1-utsjånaden, rett etter oppkjøpet frå Midland.

Det hadde spreidd seg rykter internt midt i formel 1-sesongen, om det moglege salet av Midland-laget, mindre enn to år etter at kanadiske forretningsmannen Alex Schnaider hadde kjøpt det frå Eddie Jordan. Så vart det kjend at Spyker hadde betalt 106,6 millionar dollar for laget Schnaider hadde kjøpt for rundt halvparten.[2] Formel 1-lag var no meir verdt, ettersom 12 av 12 plassar var fylt frå og med 2008-sesongen, slik at ingen fleire lag kunne takast med.

Namnebyte er ikkje tillate midt i sesongen, men Spyker kunne lovleg bli ny hovudsponsor for dei tre siste løpa som var igjen av 2006 sesongen. Laget køyrte med Spyker MF1 racing som offisielt namn, før namnebytet til Spyker F1 for 2007-sesongen.

2007-sesongen[endre | endre wikiteksten]

Christijan Albers ved USA Grand Prix

Spyker F1 køyrde 2007 sesongen med motorar frå Ferrari og dekk frå Bridgestone. Toyota motorane som Midland hadde nytta, gjekk såleis til Williams-stallen.

Spyker F1 stallen bestod opphavleg av tyske Adrian Sutil og nederlandske Christijan Albers, men manglande sponsorpengar gjorde at Christijan Albers vart løyst frå kontrakten med Spyker. [3]. Albers vart erstatta av reserve-/testsjåførane Markus Winkelhock ved Europa Grand Prix, og Sakon Yamamoto for resten av 2007 sesongen.

Ved Japan Grand Prix fekk Spyker F1 sitt einaste poeng denne sesongen, då Sutil fullførde til ein niande plass, men hoppa ein plass lenger opp, då det seindare vart kjend at Vitantonio Liuzzi hadde køyrd forbi Sutil ved runde 55, medan det gule flagget var oppe.

Den 14. august gjorde Spyker Cars det kjend at ein ville selje heile eller delar av formel 1-laget, som ein naudsynt refinasieringsplan.[4]

Resultatliste[endre | endre wikiteksten]

År Chassis motor dekk sjåførar 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 Poeng WCC
2007 Spyker F8-VII
Spyker F8-VIIB
Ferrari V8 B AUS MAL BHR SPA MON CAN USA FRA GBR EUR HUN TUR ITA BEL JPN CHN BRA 1 10th
Adrian Sutil 17 Ret 15 13 Ret Ret 14 17 Ret Ret 17 21 19 14 8 Ret Ret
Christijan Albers Ret Ret 14 14 19 Ret 15 Ret 15
Markus Winkelhock Ret
Sakon Yamamoto Ret 20 20 17 12 17 Ret

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Spyker F1