Squamish

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein squamish er ein kraftig vind som opptrer i dei mange fjordane, buktene og dalane i British Columbia. Squamish opptrer i fjordane orientert i nordaust-sørvest eller aust-vest-retning, der kald polarluft vert pressa vestover, i motsett retning enn det vinden her generelt bles langs kysten. Desse vindane kan om vinteren føre til kraftig vindavkjøling på -20 til -30 ºC. Dei er kjende i Jervis-, Toba- og Butebuktene og i Dean Channel og Portland Canal. Squamish mister styrke når dei kjem ut av fjordane, og har døydd heilt ut 25 km frå kysten.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]