Ståle
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ståle og Stål er mannsnamn, av norrønt Stáli, av 'stål, herda jern'.
Ståle har i Noreg namnedag 5. desember.
Innhaldsliste |
Bruken av namnet i Noreg [endre]
Namnet var opphavleg eit tilnamn. Bruken av namnet fekk eit oppsving i etterkrigsåra, med ein topp like etter 1960.
- I folketeljinga frå 1801 var det vel 150 som hadde het Staal eller Staale, dei aller fleste i noverande Vest-Agder og Rogaland.
- I 1900 var det 85 personar som var listeførte med namneformene Staal, Staale eller Staale, då flest i Vest-Agder.
- I 2008 er det om lag 50 som heiter Staal eller Stål , om lag 3900 som heiter Staale” eller Ståle.
Kjende namneberarar [endre]
- Ståle Kyllingstad (1903-1987), norsk bilethoggar
- Ståle Dyrvik (f. 1943), norsk professor
- Ståle Kalvik (f. 1964), norsk bilethoggar
- Ståle Solbakken (f. 1968), norsk fotballspelar
Oppdikta personar [endre]
- Ståle Krapyl, driv musikkforretning i songtekst av Øystein Sunde
Sjå òg [endre]
- Søk etter norsk namnestatistikk for Ståle hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet
Kjelder [endre]
- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991