Rogaland fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rogaland)
Gå til: navigering, søk
Rogaland fylke
Våpen Kart
Adm.senter Stavanger
Areal 9 325 km²
Folketal 439 684 (1. juli 2011)
Nettstad www.rogfk.no
Politikk
Fylkesordførar Tom Tvedt, Ap (2007-2011)
Fylkesmann Harald Thune
Målform Nøytral
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling Rogaland fylke.svg
Rogaland fylke på Commons

Rogaland er eitt av 19 fylke i Noreg og ligg på den sørlege delen av Vestlandet. Fylket grensar i nord til Hordaland og i aust til Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder. I vest har det kystline mot Nordsjøen.

Fylket svarar til det tidlegare Stavanger amt og har sitt noverande namn frå 1919. Namnet stammar frå folkegruppa rygene, der fyrste ledd er genitiv av det norrøne ordet rygir. Landskapet i fylket femner det meste av norsk natur og Rogaland vert med dette ofte kalla eit Noreg i miniatyr. Her kan ein nemne høgfjell med snø og is som aldri smeltar, mektig fjordlandskap, frodig jordbruksland og berr kyst. Største by og administrerande senter i fylket er Stavanger.

Fylkesvåpenet er teikna av Hallvard Trætteberg og vart godkjent ved kongeleg resolusjon 11. januar 1974. Motivet er ein utskrådd kross med spiss fot, og er forma etter minnesteinen over Erling Skjalgsson som vart reist år 1029. Fylkesblomsteren til Rogaland er klokkelyng, fylkesfuglen er vipa og fylkessteinen er anortositt.

Innhaldsliste

[endre] Administrasjon

Stavanger er sete for fylkesmannen og administrasjonen i fylkeskommunen. Av statsadministrasjon har ein Oljedirektoratet i Stavanger. Rogaland har 26 kommunar. Det svarar til Stavanger bispedømme, femner åtte prosti med 44 prestegjeld og 88 sokn. Fylket er delt i to politidistrikt, sju tingrettsdistrikt og 24 lensmanns- og politistasjonsdistrikt.

[endre] Kommunar

Kommunar og regionar i Rogaland██ Haugalandet██ Ryfylke ██ Jæren██ Dalane
Nr. Namn Folketal Areal km² Distrikt
1101 Eigersund kommune Eigersund 000000000014462.000000000014 462 000000000000387.0000000000387 Dalane
1102 Sandnes kommune Sandnes 000000000067687.000000000067 687 000000000000286.0000000000286 Jæren
1103 Stavanger kommune Stavanger 000000000127435.0000000000127 435 000000000000068.000000000068 Jæren
1106 Haugesund kommune Haugesund 000000000035098.000000000035 098 000000000000068.000000000068 Haugalandet
1111 Sokndal kommune Sokndal 000000000003267.00000000003 267 000000000000268.0000000000268 Dalane
1112 Lund kommune Lund 000000000003188.00000000003 188 000000000000355.0000000000355 Dalane
1114 Bjerkreim kommune Bjerkreim 000000000002723.00000000002 723 000000000000580.0000000000580 Dalane
1119 Hå kommune 000000000017224.000000000017 224 000000000000248.0000000000248 Jæren
1120 Klepp kommune Klepp 000000000017773.000000000017 773 000000000000103.0000000000103 Jæren
1121 Time kommune Time 000000000016737.000000000016 737 000000000000171.0000000000171 Jæren
1122 Gjesdal kommune Gjesdal 000000000010783.000000000010 783 000000000000560.0000000000560 Jæren
1124 Sola kommune Sola 000000000023854.000000000023 854 000000000000069.000000000069 Jæren
1127 Randaberg kommune Randaberg 000000000010251.000000000010 251 000000000000024.000000000024 Jæren
1129 Forsand kommune Forsand 000000000001195.00000000001 195 000000000000703.0000000000703 Ryfylke
1130 Strand kommune Strand 000000000011506.000000000011 506 000000000000196.0000000000196 Ryfylke
1133 Hjelmeland kommune Hjelmeland 000000000002811.00000000002 811 000000000000977.0000000000977 Ryfylke
1134 Suldal kommune Suldal 000000000003829.00000000003 829 000000000001592.00000000001 592 Ryfylke
1135 Sauda kommune Sauda 000000000004757.00000000004 757 000000000000509.0000000000509 Ryfylke
1141 Finnøy kommune Finnøy 000000000002954.00000000002 954 000000000000103.0000000000103 Ryfylke
1142 Rennesøy kommune Rennesøy 000000000004367.00000000004 367 000000000000065.000000000065 Ryfylke
1144 Kvitsøy kommune Kvitsøy 000000000000519.0000000000519 000000000000006.00000000006 Ryfylke
1145 Bokn kommune Bokn 000000000000858.0000000000858 000000000000045.000000000045 Haugalandet
1146 Tysvær kommune Tysvær 000000000010548.000000000010 548 000000000000399.0000000000399 Haugalandet
1149 Karmøy kommune Karmøy 000000000040434.000000000040 434 000000000000219.0000000000219 Haugalandet
1151 Utsira kommune Utsira 000000000000219.0000000000219 000000000000006.00000000006 Haugalandet
1160 Vindafjord kommune Vindafjord 000000000008410.00000000008 410 000000000000599.0000000000599 Haugalandet
Totalt Rogaland våpen.svg Rogaland 000000000439684.0000000000439 684 000000000009325.00000000009 325 Rogaland

[endre] Klima

Fylket ligg i den sørlege utkanten av eit klimabelte med sterkt maritimt, «vestorientert» preg og der høge fjell, djupe fjordar og dalar skaper store kontrastar. Innan Rogaland skjer det ein gradvis overgang til dei meir einsarta tilhøva som pregar dei «sørorienterte» Agder-fylka. Kyststraumen frå Skagerrak er ein vesentleg klimafaktor.

Om vinteren bles det oftast frå søraust, og om sommaren frå nordvest. Sommarvinden har ofte ein market dagleg variasjon på grunn av solgangsbrisen, noko som fører til at vindstyrken ofte kjem opp i liten kuling eller meir. Årsmiddelet av kkuling ved kysten er kring 20 %, medan liten storm eller meir skjer ca. 1 % av tida.

Februar er som regel den kaldaste månaden med ein middeltemperatur på kring 1 °C ved kysten, og frå –5 til –8 °C i indre strøk og i fjellet. Dei lågaste temperaturane som er målte er frå desember til februar og er frå -15 til –20 °C og ned til ca. –25 °C i indre strøk. Den varmaste tida er juli eller august med ein middeltemperatur på 14–15 °C. Dei høgaste temperaturane er målte i juni-august og er 27–33 °C.

Nedbørsfordelinga er forholdsvis einsarta og både ved kysten og i fjellet er årssummane 1000–1200 mm, i enkelte maksimalområde 30–60 km fra kysten går dei opp i kring 2500 mm. Lågare fjell, mindre vinternedbør og høgare sommartemperatur enn i Hordaland og Sogn og Fjordane gjer at det ikkje er større isbrear i fylket.

Det er langt meir tåke i Rogaland enn på resten av Vestlandet, noko som delvis skuldast vårtåke over den kalde kyststraumen og at området er meir utsett mot fuktige luftstraumar frå sør. Ved kysten er det tåke 2-3 % av året, med opp mot 4-8 % i april.

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelder

[endre] Referansar

  1. Vertikale strekar markerer grenseendringar. Kjelde: SSB
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom
Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk