Stamveg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stamvegar er hovudvegar innanfor eit distrikt eller mellom distrikt. Dei er skilta med kvite tal på grøn bakgrunn. Alle europaveger er stamvegar, og i tillegg er fleire riksvegar heilt eller delvis klassifiserte som dette av samferdselsdepartementet etter godkjenning i Stortinget.

Stamvegar har generelt høgare vegstandard enn andre riksvegar, sjølv om dei kan ha mindre trafikk. Den minste vegbreidden på ein stamveg utanfor tettbebygd strøk er ifølge vegnormalen [1] 8,5 meter. Stamvegar har eigne budsjettmiddel, og vegforkjemparar ønskjer derfor gjerne at «deira» veg skal bli klassifisert som stamveg slik at han kan få betre finansiering og standard.

Kriterie for stamvegar[endre | endre wikiteksten]

For å bli kalla stamveg må vegen passa til minst eitt av desse punkta:

  1. Europaveg.
  2. Hovedtransportrute til og frå utlandet, fortrinnsvis tilknytta eit stamvegnett i nabolandet.
  3. Gjennomgåande rute med stor tyding for transport mellom landsdelar.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Stamvegnettet har utvikla seg gradvis frå 1984. Seinare er nettet blitt utvida fleire gonger, mellom anna ved at alle europavegane blei tekne opp som som stamvegar.