Standardatmosfære

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Standardatmosfære (symbol: atm) eller normalatmosfære er ei måleeining for trykk. Det er ikkje ei SI-eining.Den tiande Conférence Générale des Poids et Mesures (Tiande CGPM) godkjende standardatmosfære for generell bruk og definerte han til å vere nøyaktig 1 013 250 dyn per cm2 (101 325 Pa). Denne verdien skal representere det midla lufttrykket i havnivå i Paris, men i praksis representerer han middeltrykket i havnivå for mange av dei av områda på liknande breiddegrad som Paris.

Andre verdiar[endre | endre wikiteksten]

Eit trykk på 1 atm kan òg skrivast som:

≡1,01325 bar
≡101325 Pa
≡1013,25 millibar (mbar, eller mb)
≡760 torr
≈1,033 227 452 799 886 kp/cm2
≈1,033 227 452 799 886 teknisk atmosfære
≈1033,227 452 799 886 cm–H2O, 4 °C [A]
A Dette er ein generelt akseptert verdi for cm–H2O, 4 °C. Det er produktet av 1 kp per kvadratcentimeter (ein teknisk atmosfære) multiplisert med 1.013 25 (bar/atmosfære) og delt på 0.980 665 (eitt pond).

Bruk[endre | endre wikiteksten]

I kjemi er standardtemperatur og standardtrykk definert som referansetemperaturen 0 °C og trykk på 1013,25 hPa (1 atm).

I dykking brukar ein stundom ordet atmosfære i staden for 1 bar (1000 millibar, eller 1000 hPa).

Eininga teknisk atmosfære (at) er om lag lik overtrykket under 10 meter vatn. 1 at ) 98066,5 Pa (980,665 hPa)

Trykkeiningar
 
Pascal
(Pa)

Bar
(bar)
Teknisk atmosfære
(at)

Atmosfære
(atm)

Torr
(mmHg)
Trykk i pund
per kvadrattomme

(psi)
1 Pa ≡ 1 N/m² 10−5 10,197×10−6 9,8692×10−6 7,5006×10−3 145,04×10−6
1 bar 100 000 ≡ 106 dyn/cm² 1,0197 0,98692 750,06 14,504
1 at 98 066,5 0,980665 ≡ 1 kgp/cm² 0,96784 735,56 14,223
1 atm 101 325 1.01325 1.0332 ≡ 1 atm 760 14.696
1 torr 133.322 1.3332×10−3 1.3595×10−3 1.3158×10−3 ≡ 1 mmHg 19.337×10−3
1 psi 6 894.76 68.948×10−3 70.307×10−3 68.046×10−3 51.715 ≡ 1 lbf/in²

Døme: 1 Pa = 1 N/m²  = 10−5 bar  = 10,197×10−6 ved  = 9,8692×10−6 atm osv.
Merk: mmHg er ei forkorting for millimeter kvikksølv, og kalla torr.