Stanford University

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stanford University
Stanford University campus from above.jpg
Motto Die Luft der Freiheit weht
(«fridomens luft bles»)
(Ulrich von Hutten)
Grunnlagt 1891
Type privat
Stad California i USA
Koordinatar 37°26′ N 122°10′ WKoordinatar: 37°26′ N 122°10′ W
Studentar 13 800 (2005)
Nettstad www.stanford.edu

Stanford University (kort: Stanford) er eit privat amerikansk universitet i Stanford utanfor Palo Alto i California. Stanford ligg ca. 60 km sør for San Francisco og midt i hjartet av Silicon Valley, både geografisk og historisk. Det hadde i 2008 17. plass globalt på Times si liste over dei beste universiteta i verda.[1]

Universitetet er blant dei mest velrenommerte i verda, og har fostra mange Nobelprisvinnarar. Det vart grunnlagt i 1891 med hjelp av ein donasjon frå 1885 frå guvernør Leland Stanford og hustrua hans Jane til minne om den avlidne sonen deira Leland Stanford junior. Det offisielle namnet til universitet, som sjeldan blir nytta, er difor The Leland Stanford junior University.

Mottoet til universitetet, Die Luft der Freiheit weht («lufta til fridomen blæs»), er eit sitat av humanisten Ulrich von Hutten (1488–1523). Då universitetet vart grunnlagt hadde tysk nettopp overteke for latin som det dominerande internasjonale vitskaplege språket.

Biblioteket ved Stanford University har 8,2 millionar titlar, som gjer det til det ellevte største biblioteket i USA (2006).[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Times – THES QS Top Universities, 201-300.
  2. American Library Association, The World Almanac side 404.