Stein Rønning
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stein Rønning (28. mai 1965–23. januar 2008) var ein norsk karateutøvar.
Rønning var lenge den fremste karateutøvaren i Noreg, og førebels (2008) den einaste nordmannen som har vore verdsmeister i karate. Han slo gjennom i 1985 då han vart europameister. Seinare vann han europameisterskapen fleire gonger, før han vart verdsmeister i 1990.