Stavanger kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stavanger kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1103
Fylke Rogaland
Adm.senter Stavanger
Areal 71,4 km²
Folkemengd 129 191 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-2015) Christine Sagen Helgø (H)
Målform Bokmål
Nettstad www.stavanger.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1103.svg
Stavanger kommune på Commons
Trehus i Stavanger.

Stavanger er den fjerde største bykommunen i Noreg, og ligg sørvest i landet, midt mellom Nord- og Sør-Rogaland. Han er det administrerande, økonomiske og kulturelle senteret i fylket.

Stavanger sentrum er lite og kompakt. Vågen, der ein tidlegare lasta og lossa skip, er no det sosiale samlingspunktet i byen, med torg, ei rekke serveringsstader, og kai for fritidsbåtar. Stavanger domkyrkje har utsikt over Vågen på ei side og Breiavatnet på den andre. På andre sida av vatnet ligg Rogaland Teater og fleire museum. Smale brusteinsgater og kvite trehus pregar det som er igjen av den gamle byen, men det finst òg bygningar av betong og glas som fortel om ei ny tid.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet til byen kjem frå norrønt stafr, ‘stav’,( i tydinga bratt fjell) og angr, ‘fjord’. Det har budd folk i området sidan den siste istida, men Stavanger blei først ein by under Sigurd Jorsalfar då kyrkja oppretta eit nytt bispedøme med sete der.

Stavanger blei ein kjøpstad i 1425, og utvikla seg gradvis som eit handelssenter for sild, laks, hummar og trevyrke. Statusen som bispesete var likevel det viktigaste grunnlaget for byen, noko som førde til nedgangstider etter reformasjonen. Kristian IV ville helst leggja ned heile byen etter at han hadde flytta bispesetet til Kristiansand. Men Stavanger overlevde, og bygde seg opp innan sildeindustri og skipsfart.

I 1960-åra fekk Stavanger eit oppsving då ein byrja å bora etter olje i Nordsjøen. Utanlandske oljeselskap og arbeidarar slo seg ned i byen, som snart fekk eit meir fleirkulturelt preg. Om lag kvar tiande siddis er i dag opphavleg frå utlandet.

Siddisar[endre | endre wikiteksten]

Forfattaren Alexander Kielland, diktaren Sigbjørn Obstfelder, målaren Lars Hertervig og komponisten Fartein Valen voks alle opp i Stavanger.

Museum og minnesmerke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stavanger kommune

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]