Stikkamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stikkamp blir i sjakksamanheng brukt som ord for omkamp. Viss to eller fleire spelarar endar med same poengsum i ei sjakkturnering, kan reglane for turneringa seie at det skal spelast omkamp mellom dei. F eks om kven som skal vinne turneringa og bli klubbmeister, eller kven som skal få kongepokalen i eit Noregsmeisterskap i sjakk. Det kan også vere stikkamp om kvalifisering f eks til Verdsmeisterskapen i sjakk.

Reglane for turneringa vil som regel seie korleis stikkampen skal spelast, f eks om den skal spelast med kortare tenketid enn sjølve turneringa.

Det er ikkje alltid nødvendig med stikkamp for å kåre ein vinnar i ei sjakkturnering. Reglane for turneringane har oftast ulike reglar for kvalitetsutrekning, til dømes basert på at spelarane har møtt ulike motstandarar. Ei summering av poengsummane til motstandarane vil då gi eit mål på kor hard motstand den enkelte har møtt, og plasseringa i turneringa blir dermed avgjort av desse kvalitetspoenga.

Eit eksempel på stikkamp: Magnus Carlsen kom på delt førsteplass i NM i sjakk både i 2004, 2005 og 2006. Han tapte stikkampen mot Berge Østenstad i 2004 og mot Simen Agdestein i 2005, før han omsider vann stikkampen mot Simen Agdestein i 2006 og fekk sin første kongepokal.