Stod

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå Stod – Finstad-gardene

Stod er ei tidlegare kommune i Nord-Trøndelag. Heradet dekte ei flatevidd på 256,7 km². Ved nyår 1963 hadde Stod 1 293 innbyggarar. Folketalet i heradet var på det høgste i 1950 med 1 435 menneske. Stod vart 1. januar 1964 slått saman med Beitstad, Egge, Kvam, Sparbu, Steinkjer og Ogndal til dagens Steinkjer kommune.

Bygda Stod ligg på sørsida av Snåsavatnet. Ho grensar i vest til byen Steinkjer og i aust mot Snåsa. Landskapet er i vest prega av eit oppdyrka bakkeland med sletter og låge skogåsar. Lenger mot aust er eit skoglandskap med åsar i 200-400 m høgde. I aust går terrenget over i åsar med det 3,1 km² store vatnet Øyingen, vidare mot sør er det avrunda snaufjell. Brannheiklompen på 820 moh er det klart høgste punktet i bygda. Det tidlegare kommunesenteret Binde er saman med Sunnan dei største bygdesentra. Sunnan ligg ved sørenden av Snåsavatnet og var ein periode endestasjon for jarnbanen. Frå Sunnan gjekk det dampbåt vidare til Snåsa.

Jord- og skogbruk har vore dei viktigaste næringsvegane, og bygda hadde eige meieri. Utbygginga av Nordlandsbanen, som går gjennom Stod, førte med seg nye arbeidsplassar. I dag arbeider den største delen av bygdefolket i Steinkjer by.

Stod er særleg kjend for helleristningsfeltet Bølareinen med ca. 6000 år gamle ristningar av dyr og menneske. For kyrkje er frå 1846. Før 1857 var Stod eit herad som nådde heilt ut til Beitstadfjorden og omfatta dei seinare Egge og Kvam herad og området der byen Steinkjer voks fram.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. X. bandet. 1965