Storsølnkletten
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Storsølnkletten | |
|---|---|
|
|
|
| Høgd over havet | 1827 moh |
| Ligg i/på | Alvdal, Hedmark |
| Primærfaktor | 1050 m |
| Koordinatar | Koordinatar: |
Storsølnkletten (òg kalla Store Sølnkletten og Sølnkletten) er eit fjell i Alvdal kommune i Hedmark fylke, drygt 20 km sørvest for Alvdal sentrum. Toppen er 1827 moh. og er det høgaste punktet i Alvdal. Fjellet har ei lett gjenkjenneleg sadelform, og ein kan sjå fjellet frå store delar av Nord-Austerdalen. Den lågare toppen, nordvest for hovudtoppen, ligg 1690 moh.
Fjellet er omgjeve av lett turterreng, men det tar ein heil dag å nå begge toppane. Ruta er godt merkt. Det er parti der ein må klyve litt, men det er lite og krev ikkje noko utstyr.
Fjellet ligg sør-søraust for Veslsølnkletten (1454 moh.).
Sjå òg [endre]
- Høgaste fjell i Noreg etter primærfaktor
Denne geografiartikkelen som har med Hedmark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.