Straussbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 77°20′S 139°40′W
Straussbreen
isbre
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Marie Byrd Land
 - koordinatar 77°20′S 139°40′W
Lengd 70 km
Administrert under Antarktistraktaten
Straussbreen is located in Antarktis
Straussbreen (Antarktis)

Straussbreen er ein isbre, 70 km lang, som flyt mellom Ickes Mountains og Coulter Heights og ut i sjøen på austsida av Land Bay i Marie Byrd Land. Han vart kartlagt av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i 1959-65. Namnet vart foreslått for Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) av admiral Richard E. Byrd. Han er kalla opp etter Lewis Strauss, styreleiar av Atomenergibyrået i USA i 1953–58, som lenge var ein ven og rådgjevar for Byrd, og som tilrådde at Antarktis måtte nyttast som ein demonstrasjon på korleis atomenergi kunne nyttast på ein fredleg måte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Strauss Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).