Striden mellom Brandenburg og Pommern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Striden mellom Brandenburg og Pommern starta på 1100-talet då Markgrevskapet, seinare kurfyrstedømet Brandenburg, var i konflikt med naboområdet Hertugdømet Pommern om grenseområda mellom dei som begge gjorde krav på. Striden dreidde seg òg om statusen til det pommerske hertugdømet, som Brandenburg hevda var eit len, medan Pommern hevda det var ein riksumiddelbarheit. Konflikten enda ofte ut i full krig, og trass i at dei stundom oppnådde suksess, klarte ingen av partane å halde på sigeren over lengre tid fram til Huset Pommern døydde ut i 1637. Brandenburg kunne då ha teke over området, men dette vart hindra av at svenskane erobra Pommern, og konflikten heldt fram mellom Sverige og Brandenburg-Preussen fram til 1815, då Preussen klarte å innlemme Svensk Pommern i provinsen Pommern.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.