Musikkvideo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Musikkvideo er ein kortfilm laga for å passa til ein song eller melodi. Musikkvideoar er ofte brukt til marknadsføring av popmusikk, men kan også vera laga mest som eit kunstnarisk uttrykk. Ein musikkvideo kan innehalda ei kort forteljing, visa musikarar som framfører musikken sin, eller vera meir usamanhengjande eller abstrakt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bilde frå musikkvideoen til «Love Delirium» av Latent Anxiety.

Musikk har ei lang tilknyting til levande bilde. I 1894 blei levande musikk og laterna magica brukt til å fremja sal av notene til «The Little Lost Child» av noteforlaget Edward B. Marks and Joe Stern.[1] Musikk var viktig som akkompangement til stumfilmar, men med utviklinga av lydfilm på 1920-talet blei det også laga ei rekkje filmar der musikk var eit berande element. Musikalske kortfilmar (musical shorts) med songar framførte av songarar med musikarar, tidvs også saman med dans til, blei laga av filmstudio som Warner Bros., Paramount og MGM, medan Fleischer Studios laga animerte Song Car-Tunes og Screen Songs, sistnemnde ein forløpar for karaoke. Dei tidlege animasjonsfilmane til Walt Disney, som kortfilmane Silly Symphonies og den lengre Fantasia, var alle bygde opp rundt musikk.

På 1940-talet blei det laga «soundies», musikalske filmar på rundt 3 minutt, med musikk frå ei rekkje sjangrar. Lengre musikalfilmar var også populære. Desse hadde fleire musikalske innslag med song og dans av ulik slag, mellom anna som Rock Around the Clock og Love Me Tender frå 1956. Den franske oppfinninga Scopitone, ein visuell jukebox, sist på 1950-talet[2] førte til at artistar som Serge Gainsbourg, Françoise Hardy, Jacques Brel og Jacques Dutronc laga korte filmar til songane sine.

I 1964 spelte The Beatles inn filmen A Hard Day's Night, ein svart-kvittfilm som gav inntrykk av å vera ein dokumentar om bandet, men hadde humoristisk dialog og fleire musikalske nummer. Han var ein viktig inspirasjon for tv-programma til amerikanske The Monkees. Beatles sin oppfølgjar Help! frå 1965 blei også ein modell for seinare musikkvideoar. Alle dei mest populære artistane på 1960-talet byrja laga lengre eller kortare ledsagande filmar til musikkutgjevingane sine - i tillegg til Beatles kan også nemnast Kinks, Doors, Bob Dylan og Rolling Stones. Til «Dead End Street» frå 1966 laga Kinks ein av dei første musikkvideoane med eit plott, der bandmedlemmene speler gravferdsagentar og ei enkje. Dylan-songen «Subterranean Homesick Blues» frå same året var filma av D.A. Pennebaker for ein dokumentar. Denne filmen hadde verken plott eller ei filma musikkframføring, men inneheldt Dylan som viste fram plakatar med ord frå songteksten.

Frå midten av 1970-talet var musikkvideoar blitt ein naturleg del av marknadsføringa av artistar. Fjernsynsprogram som australske Countdown og Sounds og britiske Top of the Pops byrja visa musikkvideoar, og i 1981 starta den amerikanske tv-kanalen MTV, som berre sende musikkvideoar. Den første videoen som blei vist på MTV var «Video Killed the Radio Star» av Buggles. Mange artistar på 1980-talet bygde suksessen sin på dyktig laga og pirrande musikkvideoar, som Adam and the Ants, Duran Duran og Madonna. Den nær 14 minutt lange videoen til Michael Jackson-songen «Thriller» frå 1983, regissert avJohn Landis, er ein ikonisk musikkvideo som opna for afro-amerikanske artistar på MTV.

På 2000-talet blei musikkvideoar meir og meir vanlege på nettstader som MySpace og YouTube. Dette blei dels møtt med motstand frå opphavsrettsforvaltarar, dels teke imot som ein ny promoteringsplattform for artistar som Justin Bieber og med nye nettenester som Vevo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Music Video 1900 Style». PBS. 2004. Arkivert frå originalen 4. januar 2010. Henta 7. april 2014. 
  2. Gert J. Almind. «Jukebox History 1952-1998».