Summa cum laude
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Summa cum laude er eit latinsk utrykk for den høgaste utmerkinga i samband med avslutting av høgare utdanningar, og blir ofte brukt på engelske og amerikanske universitet.
Somme latinske utrykk blir brukt til å gje til kjenne kvalitet og nivå på eit gjennomført studium. På universiteta blir typisk følgjande tre utrykk brukte, her nemnde i stigande orden:
- cum laude - «med ros»
- magna cum laude - «med stor ros»
- summa cum laude - «med største ros»
Omgrepa har same rot som dei som blei brukt som karakterar i Danmark-Noreg i perioden 1788-1805.