Sumobryting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sumobryting

Sumobryting er ein kampsport frå Japan. Ein sumokamp går ut på å få motstandaren sin ut av balanse, slik at han er borti golvet med andre kroppsdelar enn føtene eller trakkar utanfor ringen som markerer kampområdet. Sumo har lange tradisjonar og er prega av ritual og seremoni. Utøvarane er ofte svært overvektige, slik at dei skal ha eit lågast mogleg tyngdepunkt og vera tunge å dra overende.

Dei to utøvarane vert kalla rikishi og er iført mawashi, eit klesplagg som er laga av eit ni meter langt tystykke, men som berre dekkjer underlivet. Før kampen tek til, helsar dei einannan ved å utføra nokre faste rørsler samstundes mot einannan. Sjølve kampen varer ofte berre nokre få sekund.

I Japan er sumobryting ein stor sport med mykje prestisje. Dei beste utøvarane er store stjerner.

I Noreg er sumobryting underlagt Norges Bryteforbund, men er lite utbreidd. Den fremste norske utøvaren er Hans Olaf Evensen Borg, som har fleire VM-medaljar.

Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.