Sunndalsfjorden på Nordmøre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den indre delen av Sunndalsfjorden. Sunndalsøra og munningen til Driva. Utsyn frå Litjkalkinn (1 389 moh)

Sunndalsfjorden er ein fjord i Sunndal kommuneNordmøre. Fjorden er ei fortsetjing av Tingvollfjorden og strekkjer seg 17 km innover til Sunndalsøra. I nokre samanhenger vert heile strekninga frå Sunndalsøra til Bergsøya i Gjemnes kalla Sunndalsfjorden, eit stykke på om lag 60 km.

Fjorden har innløp mellom Ballsneset i vest og Almskåra i aust. Eit stykke inn i fjorden ligg Øksendalsbukta og Øksendalsøra på vestsida av fjorden. Tvers over fjorden ligg Oppdøl. Frå Øksendalsøra går Øksendalstunnelen søraustover til Sunndalsøra som ein del av riksveg 62 som held fram på nordover på vestsida av fjorden.

Elva Driva munnar ut i Sunndalsfjorden ved Sunndalsøra.

Koordinatar: 62°48′22″N 8°12′1″E