Hopp til innhald

Sunnhordlandske ord og vendingar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sunnhordlandske ord og vendingar er ei liste over dialektord og uttrykk frå Sunnhordland.

  • Alle nippar i meg, sa jenta, ho hang fast i dørtrykkjaren (Kvinnherskringla)
  • Alle veit råd med ei gali kjerring, undanteke den som eig henne (Kvinnherskringla)
  • Allting har ein ende, men pølsa har to (Kvinnherskringla)
  • Altfor djerv vert ofte dengd (Kvinnherskringla)
  • Alt skal vera reint, sa kjerringa, ho turka såpa (Kvinnherskringla)
  • Ask før eik:Steik.Eik før ask;Plask (Kvinnherskringla)
  • Av skade vert ein klok, men ikkje rik (Kvinnherskringla)
  • AGNHALD - Mothaka på fiskekroken (Kvinnherskringla)
  • Agnvand - adj. (om fisk) som ikkje vil bita[1]
  • ANDLET: Fjes, ansikt
  • ANDSYNES: Mot einannan, ansikt til ansikt
  • ANDVAKEN - Søvnlaus
  • Attra - v.-a 1) Stiga attende, t.d. få hesten til å åtta seg 2) gå frå ei avgjerd[2]
  • ASJELE - Mykje, 'adskillig' (asjelege mengde med fisk di fekk)
  • AGALAUS: utan tukt ("oppdragelse")
  • AGE: redsel, respekt, tukt, vyrdnad, reddhug
  • Banna og sverja er fanteverja (Kvinnherskringla)
  • Betre døy med æra enn leva med skam (Kvinnherskringla)
  • Betre heilt enn aldri så godt bøtt (Kvinnherskringla)
  • Betre litt mugge enn alt opptugge (Kvinnherskringla)
  • Betre pengalaus enn ærelaus (Kvinnherskringla)
  • Betre tegja enn tarvlaus tala (Kvinnherskringla)
  • Borg* er tvo manns sorg (Kvinnherskringla)
  • Børen bles om siglaren søv (Kvinnherskringla)
  • BORG* - Kreditt, henstand
  • BESA - Sladra, fisla
  • BALE - Vanskeleg, innfløkt (Da va bale å...)
  • BEIG - Farang, omgangssjuke
  • BASKJE - av baske(tak), vanskeleg, innfløkt
  • BIVRE: Skjelve, riste, skake
  • BRIGDE: Endring, brytning (HSD: rutebrigde, -endring)
  • BATE: Fordel
  • BEL: Stund
  • BISN: Oppsikt
  • BEINE: ei teneste, velgjerning (Olav H Hauge; diktet Gjer ein annan mann ei beine)
  • BU seg: Førebu seg, vera (føre)budd, klar til å
  • BISLAG - Gang, entre, tilbygg
  • BLODMELTA - Svull, underhudsblødning
  • BROK - Bukse
  • BYRG(SKAP) - Stolt, kry
  • BOLK - Del, part
  • BRENNKAVE - Travelt, noko som skjer fort og kjem overraskande på
  • BUNE: innholt bein i lekam; røyrbein / (jamfør norrønt boðn, namn på eit kar til å ha skalde-drykken i) trekjerald
  • "Dei svelt ikkje som tjukt bit"[3]
  • "Den er armast som aldri er nøgd"[3]
  • "Den som biar får bør"[3]
  • Dei er ikkje alle like nautne som dei ser ut (Kvinnherskringla)
  • Dei kjem sist til kyrkje som har stuttaste vegen (Kvinnherskringla)
  • Dei små tjuvane vert hengde, dei store får gå (Kvinnherskringla)
  • Den er armast som aldri er nøgd (Kvinnherskringla)
  • Den er ven som ber seg vent (Kvinnherskringla)
  • Den skal båten festa, som sist gjekk utor (Kvinnherskringla)
  • Den som allstad leitar, får flis i nasa (Kvinnherskringla)
  • Den som vide vankar, han mykje sankar (Kvinnherskringla)
  • Der godtfolk er, kjem godtfolk til (Kvinnherskringla)
  • Det auga ikkje ser, det gjer ikkje hjarta vondt (Kvinnherskringla)
  • Det er best å spara feå loket, det er seint når ein ser botnen (Kvinnherskringla)
  • Det er godt det gjeng fort, det er betre det vert vel gjort (Kvinnherskringla)
  • Det er ilt å lida urett, men verre å gjera urett (Kvinnherskringla)
  • Det er langt fram, sa kjerringi, ho såg seg attende (Kvinnherskringla)
  • Det er lettare for ein far å føda sju søner enn sju søner ein far (Kvinnherskringla)
  • Det er lettleg lært som ikkje duger (Kvinnherskringla)
  • Det er mangt i naudi nytta, sa kjerringa, ho turka bordet med katten (Kvinnherskringla)
  • Det er meir bunen enn baksteren (Kvinnherskringla)
  • Det kan komma store gutar or eit lite hus (Kvinnherskringla)
  • Det kan no veksa blomar i husmannhagen og (Kvinnherskringla)
  • Det kjem snakedag etter kakedag (Kvinnherskringla)
  • Det kostar å vera kar, men det kostar meir å vera fant (Kvinnherskringla)
  • Det legst stødt ei visa til for den som kveda vil (Kvinnherskringla)
  • Du skal ikkje segja elt du meiner, men meina alt du segjer (Kvinnherskringla)
  • Det er ikkje ofte husmenn får rida (Kvinnherskringla)
  • DABBA: saktne, sette ned farten. Det dabba med vinden.
  • DØLJE / DØLGJE: Gøyme, skjule, løyne
  • DIVERRE: Dessverre
  • DØME: eksempel, modell
  • DÅM: Preg, utsjånad
  • DRYLA - Slå ('Eg dryle til deg': Eg slår/klabbar til deg)
  • DRØLA - Vera treg, utsette
  • DRØSA - Samtale, småprat
  • DEILD - Avdeling, inndeling av t d jord
  • "Er ikkje så mota på det nett no" (har ikkje så lyst til, vil ikkje nett no)
  • "Ei søe" -kaos, rot, forvirring, samanblanding
  • EMNE PÅ: førebu seg på, ville
  • EINSTAPE: ei bregne Einstape
  • FJELGA - Å stella seg, hama seg
  • FISLA - Besa, sladre (Fisletut)
  • FORVITNELEG - Noko særmerkt, storslått, ekstra
  • FØYSA - a)Brukt i deler av Sunnhordland for dissa (frå Facebook-gruppa), b)Fjerna noko, 'føysa det ut'
  • FØYKJEN: I godt humør, blid
  • FANT: (tater/splint/landstrykar) Omstreifande menneske, gjerne familiar, som livnærte seg på sal av ulike hushaldsprodukt, reparasjonar av tak og -renner, anna forefallande arbeide på garden. Sosialt greidde over ein kam og i samfunnet sitt lågaste lag, og utan fast bustad. På vestlandet forflytta dei seg oftast med båt og kunne ligga på samme stad over tid. Dei kalla seg sjølve for reisande. Fantane og romanifolket(sigøynarar) skal ikkje forvekslast, men blir ofte nett det . Romanifolket hadde eit opphav i eit anna land og dyrka likegjerne skikkane og musikken derifrå, fantane var utstøytte frå vårt eige land.
  • FANTASTYKKJE: Ugagn, lureri. Gjera noko som ikkje er lov, ugagn, travaskap. Nedsettande om fanten, noko fantane kunne funne på.
  • FIVRELD: Sommarfugl
  • FJAS: Tull, vas, useriøst
  • Flokse - nedsettande om jenter ("laus på tråden, flyfille")
  • FRÅSEGN: Uttale (td til saksframlegg i det offentlege)
  • FREISTE: Forsøke, prøve
  • FYRE-/FØREMUN: Fordel
  • FESTARMÅL: Truloving (Forlovelse)
  • FÆLSKE: gru, uhygge, forferding
  • FÆLE: Å vera redd ('fæle du om natto?' = er du redd om natta?))
  • GNEKA - Gni
  • GRAPSE - (t d grapse ver) stygt, elendig, dårlig
  • HAMA SEG - Å stella seg, gjera seg presentabel
  • HATTAFOKA - Når det er så travelt at hatten fyk av, kave, kaos. Når det skjedde overraskande og kvikt var det i ei hattafoka.

(ei) HANDAVENDA - 'Da va gjort i ei handavenda', fort gjort, skjedde plutseleg

  • HES/HESJE - Ei hes (pålar med streng mellom som ein henger høy opp på)/Henge opp høy på hes
  • HI SIO - Andre sida (På hi sio har dei...)
  • JEIVLA (GEIVLA) - a)Tygge med open munn, geipe, b) bable,skravle, c) slarkete reiskap[4]
  • KVERRSETTE - Beslaglegge, inntaue
  • KLUBB - Nes, odde
  • KREGDO - Meslingar
  • KRASKJEN - I dårleg form, sjuk
  • KJØVE / KØYVE - Strupe, kvele
  • KORVA (noko saman) - krølla saman papir for å kasta det, øydelagt
  • KLAKE - Frost, tele
  • KUBBA - Utmatta falla om, oftast brukt om alkoholrus
  • LEMEN - (i hus) loftet
  • LE(et) - Grind, port
  • LOGE - Flamme, eld
  • LUTLAG - Del, aksjeselskap (Fjelberg Kraftlag er eit luteigarlag)
  • NÆRSKYLDE - Nære slektningar
  • NEVLA - Plukka på ting, vera plukkete
  • NYSS PÅ FJORDEN RODD - Nettopp begynt, nybegynnar
  • OREIGNE - ekspropriere
  • PÅK - Stokk
  • PJARR - Noko låkt, av dårleg kvalitet, ikkje noko tess, dårleg arbeid, eller talt: "Da va berre noko pjarr han lirte utor seg"
  • PITLA - Plukka
  • PUTLA (på) - a) Arbeida seint, nøye b) Vera for seg sjølv ('Eg putla no på med mitt) c) Å gå i putlo - Stagnera, gå i stå, stokka seg.
  • RALE - Vase på, tulle, tøyse, fantasere (Ka e da du rala med/Ka rala du ette)
  • RAKKAR - Rakkarfant. Mann som gjorde ureint og utriveleg arbeide (dotømmar, nattmann, bøddelen sin assistent). I bunden form: Fanden. I eiden: Fyttirakkaren = Fy til Rakkaren (magasinet Historie, 2014)
  • REIKE - (ei reika i Valesongen) Oppgåve, skrida fram
  • RIKTA - Rikta på vedstabelen for å kjenna om han var rikte (ustø, vaklevoren, lealaus), rikka på, lea på
  • RIKSLA - Rikka på
  • RIVE - Rake
  • RIVETINDAR - Tennene på riva/raka
  • ROLP - Vas, tøv, tull og tøys.
  • ROLPESOKK - 'tulling', tøysekopp
  • REILA - I deler av Sunnhordland brukt om å skli, dissa, leika (Frå facebook-gruppa)
  • RONGEPODL - (framhalde av mange frå Bømlo på facebookgruppa) Vrangpeis, stridig person
  • SETLABOK - Lommebok, pung
  • SKUTEN - Skur, td 'veaskuten' (vedskur, -skjul)
  • SKYKKJE - (sjykkja) skur, utløe
  • SMIKKA - Mygg, knott
  • SMÅGNAST - Blitt mindre, tatt av , slankare (Facebookgruppa, Sågvåg, Bente P Nygård)
  • STUDNAD - Støtte
  • STØLA - Å vera på/driva støl eller seter på fjellet
  • SPLINT - Fant, tater eller landstrykar.
  • "Sku slått'an på pongjen med ei varme ausa" (Hans O Robberstad, Bømlo, i FB-gruppa) -om ein mann hadde gjort noko dumt eller gale
  • STARVA - Gå i oppløysing, i hundane, falla utmatta omkull, overstadig berusa, dø, kubba
  • STOLPE - Tidlegare lengdemål brukt ved måling av husdyr (brystvidde, høgd) ved dyrehandel, særleg hest og ku. Ein stolpe var 1/32 alen. Frå 1824 var ein norsk alen 62,75 cm (og delt i 24 tommar). 1 stolpe var såleis om lag 1,96 cm (3/4 tomme). Til sjølve målinga brukte ein eit såkalla stolpemål, ei kjedeforma og dermed bøyeleg messing- eller stålstreng, gjerne med ein ring for kvar alen. Stolpemål blei også kalla kreaturmål, krøttermål eller hestemål (Malfred E Vedøy, henta frå facebookgruppa)
  • SPØTA, -ET - Strikke, -tøyet
  • SEL - Hytte, seterrom
  • SID - a) djupt, langt ned (fotsid) b) dryg, grepa, kraftig
  • SKRAU/skraua -
  • SMALE - Sau
  • SMIKKA - Mygg, knott
  • SNAKE -
  • SO/SOVORE - Slik, sånn
  • SÆL / USÆL (ussel) - Opphøygd, salig, frelst, lukkeleg
  • SVINT(e) - (Da e svinte gjort) Fort, hurtig
  • TAUS - Tenestejente
  • TRAVE - (Å du din trave) - Stakkarslig eller vrang person (UIO, nynorskordboka Arkivert 2014-05-27 ved Wayback Machine.)
  • TOKKA DEG LITT - Gje plass, flytt deg litt
  • TRASPA - å øydeleggja, rasera (td 'Kvinnheringen' 200614)
  • TREBONIUS - Eit spel eller ein leik. Du treng berre ei fjøl på om lag 1,5 meter, med ein kasse eller liknande slik at fjøla kan stillast på skrå framfor (eit enkelt skråplan), ein kloss på om lag 20X20X120 mm og ein kjepp til å slå med. Klossen er spissa i ein enden og merka med ulike romartal på alle sidene og den flate enden. Desse representerer ulike poengverdiar. Spelet går ut på å slå klossen framover og notera poeng etter korleis han landar (Forklart av Kristian Grutle i facebook-gruppa)
  • TÆRING (ut. tering) - Tuberkulose
  • TURVANDE - Tilstrekkeleg
  • TØTTA - Jente. 'Spytta'kje nett i glaset, den tøtto'.
  • TUTLA - a) Gå seint, subbe b)Gå og drive
  • TUTLETE - 'No er han blitt tutlete', forvirra, senil
  • TVÅGE/-a - fille, oppvaskklut
  • ULJEHYRE - Oljehyre, regntøy
  • UFJELG: a)Noko uhyggeleg, utriveleg , b)Ustelt
  • VABEIN - Utstikkar (stang) for fisking (på båt)
  • VADLASLETTA - (Valleslette i Bergen) Nedbør, både sludd/snø og regn
  • VANKUNNE - Nokon som kan lite, eller uforstand
  • Åtta seg v.-a gå attende, attra.[5]
  • ÅVELEG - overlag, storslått, utmerkt
  • "Å vera teteken" - Adoptert
  • Å vanta noko - Å mangla noko
  • Å vera i vande for noko - Å mangla noko
  • Å ha trong for noko - å ha behov for noko, trenga noko
  • Å gjera åt - Å gjera narr av
  • Å tinda rivo - Setta (nye) pinnar på treriva/raka
  • Å lesa/synga for maten - Gammal skikk. Ein sa fram ei bøn eller song før måltidet skulle inntakast
  • Å sula inn - Dra fiskesnøret inn att i båten
  • Å tava på .... - plukka på, fikla med
  • ÅTGJERD - Tiltak, sette noko i verk, sikra noko.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Kvinnherskringlo s. 29
  2. Kvinnherskringlo s. 31
  3. 3,0 3,1 3,2 Kvinnherskringlo s. 8
  4. «geivle» i Nynorskordboka.
  5. Kvinnherskringlo s. 218