Sunnhordland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For avisa, sjå bladet Sunnhordland.
Distrikt i Hordaland:██ Nordhordland██ Midhordland██ Sunnhordland██ Hardanger██ Voss
Tre sunnhordlandskommunar: I framgrunnen ligg Tysnesøy, over Langenuen ligg Stord og til venstre i den attarste horisonten ligg Kvinnherad

Sunnhordland er ein region sør i Hordaland og omfattar kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio, Tysnes og den tidlegare kommunen Ølen.

Snorre Sturlason fortel i soga om Olav den heilage at kongen busette Aslak Fitjaskalle på kongsgarden på Fitjar i Sunnhordland. Hordane er skildra allereie av Cæsar om lag 50 f.Kr.

Sunnhordland har vore større enn i dag, men ikkje mindre. Den gamle Strandebarm kommune var i lang tid del av distriktet, heilt til store delar av kommunen gjekk inn i Kvam. Grensa mot Hardanger gjekk ved Straumastein ved Eide i Tørvikbygd. Lenger sør var grensene mot Rogaland om lag som før Ølen skifta fylke og etterkvart vart del av Vindafjord. Fram til midten av 1800-talet var både Os, Fusa, Samnanger og delar av Fana del av Sunnhordland.

I testamentet til Magnus Lagabøte er Sunnhordland delt inn i elleve skipreider: Os, Strandvik, Strandebarm, Kvinnherad, Skånevik, Etne, Fjelberg, Førde, Oppdal, Våg og Kårevik. Kommunane Fitjar og Austevoll høyrde til Våg, medan Bømlo og Stord høyrde til Kårevik skipreide. Slike skipreider stod ansvarlege for å utstyra eitt skip med væpna menn i tider med ufred.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]