Surabaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn over ein del av Surabaja

Surabaja er Indonesias nest største by og hovudstad i provinsen Aust-Java. Surabaja ligg på nordaustkysten av Java ved munninga av elva Mas. I sjølve byen bur meir enn 2,7 millionar menneske, i byområdet over 5,6 millionar.

Surabaja er den viktigaste hamnebyen og det kommersielle senteret på austdelen av Java. I hamnebyen er det store skipsverft, og talrike skular som utdannar folk til nautiske yrke. Hovudbasen til den indonesiske marinen ligg i Surabaja. Største eksportprodukta som vert skipa ut er sukker, tobakk og kaffi.

Javanesarar dominerer bybiletet i Surabaja, men her finst store grupper av maduresarar, tionghoa-kinesarar og arabarar. Sidan tidleg i det 20. hundreåret har det vore eit jødisk samfunn i Surabaja, dette samfunnet driv den einaste synagoga i Indonesia.