Aust-Java

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Provinsen Aust-Java markert med grøn farge

Aust-Java, (indonesisk:Jawa Timur), er den austlegaste provinsen på øya Java i Indonesia. Provinsen omfattar øyane Madura og Bawean. Hovudstad er Surabaja, den nest største byen i Indonesia.

Provinsen Aust-Java har eit flatemål på 47 922 km², og hadde 37 476 011 ibuarar i 2010. Dei fleste ibuarane er javanesarar, elles er det store minoritetar av maduresarar, kinesarar, indarar og arabarar. Språket er indonesisk og javanesisk, men bortimot 15 millionar menneske, dei fleste på Madura og aust i provinsen, talar maduresisk.

Provinsen omfattar ni storbyar (kota) og 29 fylke (kabupaten).

Kjelde[endre | endre wikiteksten]