Surdeig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Surdeig.

Surdeig er ein kultur der gjærsopp og mjølkesyrebakteriar vert dyrka i ein mjøldeig. Denne kulturen vert nytta til å heve brød. Gjærsporar og mjølkseyrebakteriar finst naturleg i mjøl, og ein kan dyrke fram ein kultur ved å blande mjøl og vatn og la blandinga gjennomgå ein naturleg fermentering.

Surdeigsbrød i ei korg.
Borodinskijbrød, eit russisk surdeigsbrød.

For å få ein god surdeig gjeld det å dyrke fram ein god kultur. Det får ein lettast frå ein annan surdeig. Alternativt kan ein finne han i naturen; i mjølk eller i fruktar. Ein kan halde liv i kulturen sålengje ein vil, ved å gøyme han kjølig og mate han med jamne mellomrom, minst ein gong i månaden.

Brøddeig med surdeig vil få andre bakeeigenskapar enn vanleg gjærdeig. Surdeigbrød vil derfor få ein annan struktur og smak.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Surdeig