Suzuka Circuit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Suzuka Circuit

Suzuka International Racing Course (japansk skrift 鈴鹿サーキット) eller Suzuka Circuit er ei resarbane i Suzuka, Japan. Det er ein av dei eldste og mest kjende resarbanane i japan og vart designa av John Hugenholtz i 1963 som testbane for bilprodusenten Honda. Bana er forma nokolunde som eit åtte-tal og kryssar seg sjølv med ei bru. Banedesignet er utfordrande og gjev mange moglegheiter for forbikøyringar.

Suzuka Circuit i 2006.

Suzuka circuit er ein av dei eldste banene i formel 1 sirkuset som framleis vert køyrd, men vart fjerna frå kalenderen i 2007- og 2008-sesongen og erstatta av Fuji Speedway, som er eig av Honda sin erkerival Toyota Motor Corporation. Suzuka kom derimot attende i 2009 sesongen.

Suzuka Circuit var i mange år vert for den japanske VM-runden i MotoGP, men etter dødsfallet til den tidlegare verdsmeisteren Daijiro Kato i 2003 har japanske Grand Prix runden vorte arrangert på andre baner istaden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]