Honda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Honda Civic Coupe, 1994-modell
Honda CBR600RR

Honda Motor Co., Ltd (本田技研工業株式会社 Honda Giken Kōgyō Kabushiki Kaisha) er eit Japansk føretak som produserer motorar, generatorar, bilar, lastebilar, motorsyklar, skuterar, firhjulingar, snøfresarar, hagebruksreiskap, robotar, osv. I tal på einingar er Honda den største produsenten av motorar i verda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Honda vart stifta i 1948 av Soichiro Honda, og har hovudkvarteret sitt i Tokyo. Soichiro Honda hadde tidlegare produsert stempelringar for den japanske marknaden.

I 1981 opna Honda produksjonsanlegg utanfor Japan. I USA produserte og selde dei dyrare modellar under namnet Acura frå 1986. I Storbritannia gjekk bilane først under Triumph-merket, sidan som Rover. Samarbeidet med Rover førte også til at Land Rover Discovery i ei periode vart seld i Japan som Honda Crossroad.

Motorsport[endre | endre wikiteksten]

Motorsyklisten Valentino Rossi

Honda har i mange år levert motorar til Formel 1, blant anna til Williams, McLaren og BAR-laget i 2000. I 2005 kjøpte Honda opp BAR-laget 100% og som Honda Racing F1 driv no Honda formel 1 også som konstruktør, noko bilprodusenten og gjorde ei kort tid mellom åra 1964–1968.

Honda driv og med sykkelsport som MotoGP og motocross.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Hanne Skotvedt, som er dotter av bilimportøren Oscar Skotvedt, starta firmaet Hasco (seinare Hasco Norge AS) i april 1970 for å ta inn Honda N600.

På slutten av 1990 talet skifta Hasco Norge namn til Skotvedt AS og beheldt Honda-importen ut 2000. Då tok Honda Motor Europe Ltd. Norge over, eit dotterselskap av Honda.

Sjå og:[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Honda