Svein Borkhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Svein Borkhus (fødd 21. november 1955) er ein politikar som representerte Arbeidarpartiet og er ordførar i Alvdal kommune.

Han vart vald som ordførar i Alvdal kommune i Hedmark fylke etter valet i 1999. Etter to periodar som ordførar takka han nei til å stille til omval gjekk over til fylkespolitikken og frå oktober 2007 til 2011 var han medlem av fylkesrådet i Hedmark, med ansvar for miljø og samferdsel. Ved valet i 2011 gjekk han attende til kommunepolitikken og han vart igjen vald til ordførar i Alvdal.