Sverresborg i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sverresborg er eit festningsområde i Bergen. Namnet skriv seg attende til kong Sverre Sigurdsson, som i 1181 fekk reist ei borg på knausen aust for kongsgarden på Holmen (no Bergenhus festning). Borga overlevde fleire åtak på 1200-talet, og husa kongens sysselmann i andre halvdel av 1200-talet.

Midt på 1600-talet vart Sverresborg bygd ut med vollar og skanseverk, og det vart bygd to batteri der. Borga var med i kampane i Bergen i 1665. På 1830-talet vart det laga park på området. Kasernen på Sverresborg vart bygd i 1911 for underoffiserskulen til Bergen Brigade. Under krigen hadde tyskarane to luftvernbatteri på Sverresborg.

Etter krigen vart Sverresborg nytta som rettarstad i samband med landssvikoppgjeret.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]