Sverre Sigurdsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sverre Sigurdsson (norrønt Sverrir Sigurðarson) var konge av Noreg i tidsrommet 1184-1202. Han vart i fylgje Sverresoga fødd i Noreg om lag i 1151. Han døydde den 8. eller 9. mars 1202 i Bergen.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Frå han var kring fem år budde Sverre i bygda KyrkjubøFærøyane. Han må ha hatt særskilde evner, for Roe, biskopen der på øyane, sette han i prestelære. Som vaksen skal han ha fått høyra av mor si at han var son av kong Sigurd II Munn. Korleis det no var med den saka, så gav det legitimitet til eit meir storlåtent prosjekt enn ei karriere innan kyrkja hadde vore. Sverre tok kontakt med den leiande opprørsflokken i landet, birkebeinane, som stod utan hovding etter at Øystein Øysteinsson Møyla fall i Slaget på Re. Dei tok han til hovding og han viste seg raskt som ein taktisk dyktig hærførar. Han klarte på kort tid å få seg sjølv hylla som konge på Øyratinget, men det tok fleire år før kongsmakta var endeleg sikra.

Krig[endre | endre wikiteksten]

Motstandaren var kong Magnus Erlingsson, og far hans, lendmannen Erling Skakke. Magnus var dotterson til kong Sigurd I Magnusson Jorsalfare, og var støtta av kyrkja som ynskte ei kontrollert arvefylgje grunna på ektefødsler. Dei to utkjempa slag på Kalvskinnet i 1179 og Ilevollen i 1180. I slaget ved Fimreite i 1184 vann Sverre. Magnus døydde i dette slaget, og bispane Nikolas og Eirik trødde fram som Sverre sine argaste motstandarar. Dei reiste sin eigen krigarflokk, baglarane og klarte samstundes å få kong Sverre lyst i bann av paven. Striden med baglarane vara ved til Sverre uventa døydde på sotteseng i Bjørgvin (Bergen) i 1202.

Han er til no den einaste norske kongen som har hatt namnet Sverre, og vert ofte omtala berre som kong Sverre.

Litteratur om kong Sverre[endre | endre wikiteksten]