Svinghjul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stasjonær bensinmotor frå 1898 med to store svinghjul.

Svinghjul er eit hjul med stor diameter og stor vekt i hjulkransen. Eit slikt hjul treng lang tid på å skifte fart når det vert påverka av eit kraftmoment. Det vert nytta til å jamne ut gongen i stempelmaskinar, t.d. bensinmotorar og dieselmotorar.

I vanlege bensinmotorar må det til energi for å komprimere bensin-luftblandinga i sylinderen før ho vert tend. Svinghjulet som vanlegvis er festa på veivakslingen til motoren vil ha tregleik som berre gjev ein liten reduksjon av rotasjonshastigheita i kompresjonstakta til motoren.

I einskilde køyretøy nyttar ein svinghjul som lager for rørsleenergi. Ved oppbremsing blir svinghjulet sett i rask rotasjon. Denne rotasjonsenergien blir igjen nytta når køyretøyet skal starte eller auke farten.

Fleire instrument nyttar svinghjul for å avgjere ei retning, som i eit gyrokompass, eller å definere eit plan, som i ein kunstig horisont. Viss svinghjulet er i rask rotasjon vert det kravd det ein del kraft for å få endra retninga på rotasjonsaksen. Dette blir òg utnytta i svingefartsmålar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]