Swadic Sanudi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Swadic Sanudi
Personleg informasjon
Namn Swadic Sanudi
Fødselsdato 21. oktober 1983
Fødestad i Malawi
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Spelar for Dynamos
Draktnummer 1
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1999-2000
2000-01
2001-05
2005-
Sør-Afrika AmaZulu
Sør-Afrika Jomo Cosmos
Flagget til Malawi Big Bullets
Sør-Afrika Dynamos
4 (0)
8 (0)
-
-
Landslag**
2000- Flagget til Malawi Malawi 45 (0)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 13. februar 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 13. februar 2010.

Swadic Sanudi (fødd 21. oktober 1983) er ein malawisk fotballspelar. Han spelar som keeper for Dynamos i den nesthøgste divisjonen i den sørafrikanske fotballigaen og for landslaget til Malawi.

Sanudi begynte fotballkarrieren sin i klubben AmaZulu i Durban i Sør-Afrika, der han spelte fire kampar for A-laget. I 2000 gjekk han til Jomo Cosmos i Johannesburg, der han spelte åtte kampar. I 2001 drog han tilbake til Malawi og toppklubben der, Big Bullets, før han vende tilbake til Sør-Afrika og Dynamos i 2005.

Han debuterte for Malawi sitt A-landslag i 2000. I 2010 var han med i Malawi sin tropp til Afrikameisterskapen, der han spelte alle dei tre kampane til Malawi.

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 10. mai 2010.