Sykling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Barn på sykkel.
Sykkelritt.

Sykling er ein framkomstmåte, ein fritidssyssel og ein idrett som blir gjort med sykkel.

Sykkellaup[endre | endre wikiteksten]

Dei største sykkelritta er Tour de France, Giro d'Italia og Vuelta a España. Desse tre ritta er dei einaste som ligg i kategorien Grand Tour. Det finst to norske ritt med UCI (Union Cycliste Internationale) -status: Ringerike Grand Prix og Roserittet i Vestfold. Noreg har sitt eige seksdagars etapperitt for amatørar og tur-ryttarar: DBS Viking Tour. Dei norske tur-ritta med flest deltakarar er Styrkeprøven 540 km Trondheim-Oslo (Landeveg) og Birkebeinerrittet på terrengsida. I Noreg er det Norges Cykleforbund som er forbundet for klubbar som driv med sykling som konkurranse og mosjonsform. I sykkelsporten delar ein vanlegvis inn i Landevegssykling, Banesykling, Terrengsykling, BMX-sykling og Sykkelcross.

I Noreg finst det to profesjonelle lag i landevegssykling, Team Sparebanken Vest og Team Maxbo Bianchi.

Tempo[endre | endre wikiteksten]

Tempo kan reknast som ei eiga grein innan sykling, der ein køyrer mot klokka. Det er hovudsakleg to «typar» tempo: Individuell tempo, og lagtempo. Aerodynamikk er viktig, og syklane som bli bruka har som oftast rammer som gjev ein meir aerodynamisk sittestilling og har aerodynamiske røyr. Platehjul er hjul som ikkje har eiker, men har flate sider. Dette gjev mindre turbulens og betre aerodynamikk. I velodromen er det vanleg med platehjul både framme og bak, medan når ein syklar ute bruker ein som oftast berre eit platehjul bak, og eit framhjul som vanlegvis er meir aerodynamisk enn eit vanleg hjul, men ikkje eit platehjul. Tempobøyla er der ein tener mest aerodynamikk i høve til ein vanleg sykkel. Tempohjelmar og aerodynamiske drakter blir òg ofte bruka. Tempohjelmen følgjer ryggen til ein viss grad, og dei aerodynamiske draktene er meir eller mindre inntilsitjande.

I lagtempo køyrer ein mot andre lag på tid, og laga startar med intervall på til dømes 2 minutt, og ein er avhengig av dei andre på laget skal helde oppe farten. I lagtempo ligg laget på ei lang rekke, av di det er lettare å ligga bak ein annan, på grunn av dragsuget etter kvar ryttar. Den som ligg fremst får det då litt tyngre enn dei andre, og når føringa er over, legg han seg ut til sida, og kjem inn lengst bak. Kor lenge føringane varer skifter med kor fort ein køyrer, og korleis vindforholda er. Dess høgare fart, dess kortare føring. I sterk sidevind, pleier laget å leggje seg i ein vifteform for å «unngå» vinden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sykling
Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.